Sitting Bull
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sitting Bull eller Sitjande okse, eigentleg Tatanka Iotanke, opphavleg Hunkeshni (den seine), fødd ca. 1831 ved Grand River i noverande South Dakota, USA, død 15. desember 1890 i Standing Rock Indian Reservation, North Dakota, USA. Var høgste høvding over den nordamerikanske indianarstammen Hunkpapa-Lakota (Sioux). Hans krigshøvding var Pizi ("Bøffelgalla"), meir kjend som Gall, ein av indianarleiarane i Slaget ved Little Big Horn 25. juni 1876.
Sitting Bull førte etter ei tid stammen sin over till Canada, der dei budde til han 1881 vart lova amnesti av den amerikansk regjeringa.
Seinare i livet turnerte Sitting Bull med Buffalo Bill Codys ville vest-show.
Da den religiøse og mystiske åndedansen spreidde seg hos siouxane, freista styresmaktene å få høvdingen til å stoppe denne rørsla. Sidan han ikkje gjorde det, sende dei indianarpolitiet sitt for å arrestere han. Da kom for å gripe han kom det til tumult, og Sitting Bull og son hans vart drepne.