Selkupar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selkupar er eit folkeslag som bur nord i vest-Sibir. Før 1930-talet vart dei kalla ostjak-samojedar. Ved den russiske folketeljinga i 2002 vart det registrert 4249 selkupar. Under 2000 av desse tala selkupisk.
Selkupane bur nord i Tomsk oblast, i Jamal-Nenetsia, Nenetsia og Krasnojarsk kraj. Det fins to grupper av selkupar - nordlege (som kallar seg sjølv solkup, sjolkup) og sørlege (tsjumyl kup, susse kum eller sjosj kum).
Det selkupiske språket høyrer til den samojediske greina av den uralske språkfamilien. Det er sterkt utrydningstruga. Selkupane har tradisjonelt vore animistar og sjamanistar.