See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Saturnmånen Epimetheus - Wikipedia

Saturnmånen Epimetheus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Epimetheus
Epimetheus sett frå Cassini (NASA)
Oppdaging
Oppdagar Richard L. Walker
Oppdaga dato 1966
Baneparametrar
Store halvakse 151 422 km
Eksentrisitet 0,009
Omløpsperiode 16 t 40 min
Banehelling 0,34°
Er ein satellitt til Saturn
Fysiske eigenskapar
Middeldiameter 119 km
Masse 5,35·1017 kg
Middeltettleik 0,61 g/cm3
Overflategravitasjon 0,008 m/s2
Rotasjonsperiode 16t 40m
(bunden)
Aksehelling 0,015°
Albedo 0,5
Atmosfære ingen

Epimetheus (gresk Επιμηθεύς (den etterpåkloke)), er ein måne som høyrer til planeten Saturn. Han er au kjend som Saturn XI. Månen er namnsett etter den mytiske Epimethevs frå gresk mytologi, bror til Prometevs.

Ein asteroide har same namn, 1810 Epimetheus.

Innhaldsliste

[endre] Oppdaging

Epimetheus går så og si i same bane som saturnmånen Janus. Astronomane gjekk ut i frå at det var berre eit lekam i denne banen og hadde difor problem med å rekne ut baneparametrane, det er tydeleg at observasjonar av to objekt gjør det umuleg å få system på baneutrekningane.

Audouin Dollfus observerte ein måne 15. desember 1966, og han foreslo namnet «Janus»[1]. 18. desember gjorde Richard L. Walker ein tilsvarande observasjon som nå er krediterrt til å vera opdaginga av Epimetheus[2]. Men på den tida trudde ein at det var berre ein måne i denne banen, uoffisielt namnsett «Janus».

Tolv år seinare, i oktober 1978, skjønte Stephen M. Larson og John W. Fountain at observasjonane i 1966 best kunne forklarast med to atskilte objekt (Janus og Epimetheus) som delte nesten samme bane. Dette blei bekrefta i 1980 av Voyager 1, og dermed deler Walker offisielt oppdaginga av Epimetheus med Larson og Fountain.

Oppdaginga i 1980 med Voyager fikk namnet S/1980 S 3, og han blei offisielt namnsett «Epimetheus» i 1983. Namnet Janus blei offisielt godkjend av IAU på same tid, men da hadde dette namnet blitt nytta uformelt sidan Dollfus foreslo det noen dagar etter oppdaginga i 1966.

[endre] Banesamanhengar mellom Epimetheus og Janus

Epimetheus og Janus er «ko-orbitale». Baneradiusen til Janus frå Saturn er 151 472 km og baneradiusen til Epimetheus er 151 422 km, eit skilje på berre 50 km. Sidan mindre banar har høgare hastigheiter må dei to månane uungåeleg nærme seg kvarandre, og sidan diameteren til Epimetheus er 115 km og diameteren til Janus er 178 km skulle ein tru at ein kollisjon au skulle vera uungåeleg. Men ettersom den indre månen tar igjen den ytre vil den felles gravitasjonelle tiltrekkinga gi den indre månen ei øking i moment og dermed heva banen hans, noe som au gjør at han saknar farta. Den ytre månen mistar same mengd moment, og detter ned i ein lågare bane og får samtidig høgare fart. På denne måten «byttar» månane banar, og byrjar å gå frå kvarandre igjen utan å verkeleg komma veldig nær kvarandre. Byttet tar plass ein gong omtrent kvart fjerde år. Foreløpig er dette opplegget unikt i solsystemet, til nå er ikkje noe tilsvarande kjent.

[endre] Fysiske karakteristikkar

Epimetheus, sett frå Voyager 1 (NASA)
Epimetheus, sett frå Voyager 1 (NASA)

Epimetheus har fleire krater på over 30 km i diameter i tillegg til både små og store ryggar og groper. Dei mange kratera tyder på at månen må vera ganske gammal. Janus og Epimetheus kan ha blitt danna frå oppdelinga av ein måne til å danne dei ko-orbitale satellitane, men viss dette skal stemme må dette ha hendt svært tidlig i historia til solsystemet. Frå den låge tettleiken og relativt høge albedoen ser det ut til at Epimetheus er ein svært porøs islekam. Usikkerheitene til desse verdiane er store, så dette er foreløpig ubekrefta.

Romsonden Cassiniskal passere Epimetheus 3. desember 2007.

[endre] Sjå au

  • Geologiske formasjonar på dei mindre månane til Saturn

[endre] På verdsveven


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -