Santiago de Compostela
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santiago de Compostela er ein by i Spania, og hovudstad i den autonome regionen Galicia nordvest i landet. Byen er kjend som pilgrimsstad for europeiske katolikkar. I år 813 oppdaga ein ei grav der ein trudde at Apostelen Jakob var gravlagd. Han vart avretta i Jerusalem i år 44, men leivningane skal ha vorte førde til Compostela der han ei tid hadde arbeidd. Både byen og pilgrimsvegen dit (Jakobsvegen, sp. Camino de Santiago) gjennom Frankrike og Spania står oppførd på UNESCO si liste over verdas kulturarv (verdsarv).
Namnet «Compostela» meiner ein kjem av det latinske campus stellæ – «stjerna sitt eige», og Santiago de Compostela vert slik «St. Jakob i stjerna sitt eige». Leivningane etter apostelen vart etter folketrua nedgravne der ein gjetar hadde sett ei stjerne, og ei kyrkje vart etter kvart bygd over grava. Seinare vart denne kyrkja erstatta med katedralen som står i dag (påbyrja seint på 1000-talet).
Compostela har i dag i overkant av 90 000 innbyggjarar. Byen har òg eit universitet, og var Europeisk kulturhovudstad i 2000.
[endre] Sjå òg
- Santiago-ordenen
- Gallis
- Jaksland