Saltfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltfjorden er ein fjord i Gildeskål og Bodø kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av sjølve Bodø og strekkjer seg 41 km austover til Tverrlandet i botn av fjorden.
Fjorden har innløp i vest mellom Bliksvær i nord og Fleinvær i sør og går på nordsida av Sandhornøya, Straumøya og Knapplundøya. Mellom Sandhornøya og Straumøya går Beiarkjeften sørover til Nordfjorden og Beiarfjorden. Nord for Straumøya ligg sjølve Bodø og Bodø lufthamn ligg heilt ytst. På nordsida av Straumøya ligg grendene Seivåg og Straum.
Mellom Straumøya og Knaplundøya ligg Saltstraumen, den sterkaste tidvasstraumen i verda. Salstraumen går over i Svefjorden som går vidare til Skjerstadfjorden og austover til Fauske. Nord for Knaplundøya ligg Godøynes og Løding inst i Saltfjorden.
Fv580 går på nordsida av Straumøya, Riksveg 17 går over Knaplundøya og langs austsida av fjorden. På nordsida av fjorden går Riksveg 80.