Sagfjorden i Sørfold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sagfjorden er ein fjordarm av Folda i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Revsfjorden strekkjer seg 12 km austover til Botn inst i Botnfjorden botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Seglvikneset i vest og Revsnesodden i aust, like aust for Prestmåsøya. Movika og garden med same namn ligg på nordsida av fjorden, rett innafor innløpet, men elles er det få busetnader langs fjorden. Inst i fjorden ligg Sagfjordbotn og garden Sagfjord. Her går eit smal sund vidare inn til Botnfjorden. Inst i Botnfjorden ligg den veglause garden Botn.