Sýros
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sýros Lokalt namn: Σύρος |
|
---|---|
Ermoupolis på Syros |
|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Kykladane |
Areal | 102 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Prefektur |
Sør-Egearhavet Kykladane |
Demografi | |
Folketal | 19 782 (2001) |
Folketettleik | 194 /km² |
Syros (gresk: Σύρος), óg kalla Siros eller Syra, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg 145 km søraust for Athen. Av tettstadar på øya finn ein Ermoupoli og Ano Syros. Ermoupoli er hovudbyen på øya og i Kykladane. Ho har alltid vore ei viktig hamn og på 1800-talet var ho til og med viktigare enn Pireus.
Innhaldsliste |
[endre] Ermoupoli
Ermoupoli, «Dronninga av Kykladane», ligg på austsida av øya og har mange nyklassiske bygningar gamle herregardarar og kvite huset som ligg i åssida ovanfor hamna. Han vert óg kalla «Byen til Hermes» og har mange flotte kyrkjer, som Metamorfosis, Koimisis, St. Demetrios, Tre Hierarkar, Anastasis, Evangelistria og St. Nikolas.
[endre] Ano Syros
Ano Syros er den andre byen på Syros og vart bygd av venetianarar på byrjinga av 1200-talet nordvest for Ermoupoli. Ano Syros har framleis ein mellomalderatmosfære. Ein kan derimot ikkje nå byen via bilvegar. Den katolske basilikaen San Giorgio dominerer bybiletet. Ho vart bygd på 1200-talet. Frå toppen av byen kan ein sjå naboøyane Tinos, Delos, Mykonos, Paros og Naxos.
[endre] Historie
I romartida låg hovudbyen på Syros på same stad som Ermoupolis i dag ligg. Mot slutten av antikktida vart ho stadig plyndra av sjørøvarar, og dette førte etter kvart til ein nedgong på øya. Under Austromarriket var øya ein del av det egeiske herredømet, fram til austromarane vart styrta av venetianarar og frankarar i 1204. Syros kom då under Venezia sitt styre, og vart ein del av Det egeiske dukatet. Samstundes vart Ano Syros grunnlagd. Under den latinske perioden var dei fleste innbyggjarane romersk-katolske, men haldt på det greske språket. Venezia styrte over øya i nesten 350 år fram til den osmanske flåten erobra øya på midten av 1500-talet. Dei kykladiske øyane fekk derimot mange privilegiar av tyrkarane, som til dømes skattelette og religiøs fridom.
Samstundes, etter ein avtale mellom Frankrike og Vatikanet og dei osmanske styresmaktene, vart den katolske øya verna av Frankrike og Roma. Øya oppretthaldt eit slags sjølvstyre dei neste hundre åra og blømde utover 1800-talet då sjørøvarane aust i Middelhavet gradvis forsvann.
Syros var eit midtpunkt for handel i Egearhavet, og på grunn av dei religiøse og administrative forholda var ho nøytral i byrjinga av den greske sjølvstendekrigen i 1821. Som følgje av dette var ho ein trygg stad for greske flyktningar frå Lilleasia, Khios, Spetses, Psara, Aivali, Smyrna, Kydonia, Kassos og andre stader under krigen. Nykomarane, hovudsakleg sjømenn og handelsmenn, gav nytt liv til øya som utvikla seg økonomisk og vart eit administrativt og kulturelt senter.
Mellom 1822 og 1865 vart Ermoupoli bygd om i nyklassisk stil, som slo saman gresk klassisisme med element frå renessansen. Mange landemerke som rådhuset, Apollonteateret, biblioteket og Syros sjukehus vart bygd på denne tida. Alle endringane førte til at Syros nesten over natta omvandla seg frå ei heller roleg øy til eit livleg senter for handverk, industri og produksjon. Den flotte hamna gjorde ho óg til eit senter innan skipsbygging og reperasjon. Neorion var det første skipsverftet i Hellas, og er framleis i drift.
Mange ambassadar og konsulat frå land som Frankrike, Storbritannia, Italia, Nederland og dei skandinaviske landa held til her.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Syros frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Amorgos • Anafi • Andros • Antiparos • Delos • Ios • Kea • Kimolos • Kythnos • Milos • Mykonos • Naxos • Paros • Folegandros • Santorini • Serifos • Sifnos • Sikinos • Syros • Tinos |