See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sérifos - Wikipedia

Sérifos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sérifos
Lokalt namn: Σέριφος
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°09′N 24°30′EKoordinatar: 37°09′N 24°30′E
Øygruppe Kykladane
Areal 70 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Sør-Egearhavet
Kykladane
Demografi
Folketal 1 414 (2001)
Folketettleik 20 /km²

Serifos eller Seriphos (gresk: Σέριφος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg vest i øygruppa, sør for Kythnos og nordvest for Sifnos. Serifos har eit areal på om lag 70 km² og om lag 1 200 innbyggjarar. Ho ligg om lag 170 km frå Pireus.

Då Akrisios vart åtvara av eit orakel om at barnebarnet hans ville drepe han, kasta dotter si (Danae) og spedbornet hennar Persevs på sjøen i ei trekiste. Dei dreiv i land på Serifos.

Tidleg på 1900-talet var Serifos ein stor gruvestad. Store delar av den mannlege folkesetnaden jobba i gruvene, som vart utnytta av den tyske familien Groman. Arbeidsforholda i gruvene skal ha vore av nokre av dei dårlegaste i Europa og det er ukjend kor mange som omkom, men historikarar meiner det må ha vore tusenvis. På grunn av dei dårlege forholda organiserte gruvearbeidarane i 1916 ein streik, der dei krevde betre forhold og 8-timars arbeidsdag. Leiaren for streiken var Constantinos Speras. Som følgje av streiken ba Groman dei greske styresmaktene om hjelp, og dei sende nasjonalgarden til øya. Spears var arrestert, medan garden retta våpen mot resten av arbeidarane for å tvinge dei i arbeid igjen. Då dei nekta skaut og drepte garden fire arbeidarar og skadde mange fleire. Arbeidarkonene som stod ved sida av og såg på tok så opp steinar som dei kasta på garden og tok livet av samtlege. Lika var kasta på sjøen. Øybuarane tok sjølv over styringa, men kort tid etter fekk Groman tilbake kontrollen over gruvene, men garanterte derimot for betre arbeidsforhold og 8-timars arbeidsdag. Spears kom tilbake til Athen, men vart nokre år seinare myrda av maksimalist frå Kommunistpariet (KKE).

Innhaldsliste

[endre] Landsbyar

  • Galani
  • Kallitsos
  • Koutalas
  • Livadi Serifou
  • Mega Khorio
  • Mega Livadi
  • Panagia
  • Serifos

[endre] Anna

Serifos har eit par skular, eit par latinskular, ei kyrkje, eit postkontor og ein plass (plateies).

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde

Panorama av Serifous
Panorama av Serifous


Kykladane

Amorgos • Anafi • Andros • Antiparos • Delos • Ios • Kea • Kimolos • Kythnos • Milos • Mykonos • Naxos • Paros • Folegandros • Santorini • Serifos • Sifnos • Sikinos • Syros • Tinos


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -