Rosenkrantztårnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosenkrantztårnet i Bergen har namnet sitt etter lensherren Erik Ottesen Rosenkrantz, som i 1560-åra let setje i stand det gamle ringmurstårnet på Holmen (Bergenhus festning). Tårnet ligg like ved Håkonshallen, og det opphavelege tårnet var bygd i 1270-åra i regjeringstida til Magnus Lagabøte. I tillegg til å ha forsvarsfunksjon, hadde bygninga kapell og var residens for lensherren.
Før ombygginga i 1560-åra hadde tårnet vorte skadd både i brann og av eksplosjon, og meininga var at det skulle rivast, men Erik Rosenkrantz bygde tårnet høgare enn det hadde vore og utstyrte det med kanonbatteri, som kom til å spele ei rolle i slaget på Bergen våg i 1665. Tårnet ligg like ved Bryggen, og skulle òg halde hanseatane der i sjakk.
Tårnet fekk stor skade ved eksplosjonsulukka 20. april 1944, men etter omfattande restaurering vart tårnet opna for publikum i 1966. Bymuseet i Bergen har det museale ansvaret for tårnet.
Tidlegare har tårnet vore kalla Valkendorftårnet.