See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Romferja Endeavour - Wikipedia

Romferja Endeavour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Romferja Endeavour ved utskytingsplattform 39 A, den 22. Nov 2002
Romferja Endeavour ved utskytingsplattform 39 A, den 22. Nov 2002

Romferja Endeavour vart bygd for romfartsorganisasjonen NASA i 1987, etter tapet av Challenger året før. Endeavour er såleis den yngste av NASA sine romferjer.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Konstruksjon

Då romferja romferja Challenger gjekk tapt i ei tragiske ulykke i 1986, hadde ein to alternativ for å erstatte romferja. Ein vurderte ei stund å byggje om testfartøyet Enterprise, men fann ut det ville verte for dyrt. I staden nytta ein reservedelar frå romferjene Atlantis og Discovery til å byggje den nye romferja. Den amerikanske kongressen gav grønt lys for bygginga av Romferja Endeavour i 1987. 6. juli 1990 var bygginga av Endeavour ferdig, 7. mai 1991 vart romferja levert til Kennedy Space Center.

[endre] Jomfrutur

astronautar arbeider med satellitten Intelsat VI
astronautar arbeider med satellitten Intelsat VI

Romferja Endeavour hadde jomfruturen sin den 7. mai 1992, nøyaktig eit år etter den kom til Kennedy Space Center. Høgdepunktet var ein INTELSAT VI (F-3) satellitt som hadde stranda i ein ubrukeleg bane. Det måtte tre forsøk til før ein fekk fanga satellitten og montere ny rakettmotor.

16. mai 1992 landa Endeavour ved Kennedy Space Center etter 8 dagar, 21 timar og 17 minuttar i verdsrommet.

Denne turen satte ei rekkje rekordar for romferder:

  • Første romvandring med tre astronautar samtidig.
  • Til då den lengste, og famleis den nest lengste romvandring: 8 timar og 29 minuttar.
  • Første romferjeferd med fire romvandringar.
  • Første gong ein romferje nytta bremseskjerm ved landing.

[endre] Andre viktige ferder:

[endre] romteleskopet Hubble

Den 2. desember 1993 byrja Endeavour på reisa mot romteleskopet Hubble. Det var naudsynt å skifte eit feilslipt spegel for at det nærsynte romteleskopet kunne gje skarpe bilete åt astronomane nede på bakken. Denne romferda varte i 10 dagar 19 timar 58 minuttar og kravde heile fem romvandringar før det uventa vedlikehaldet av teleskopet var fullført. Romferja Endeavour var tilbake på jorda den 13. desember 1993.


[endre] Framtid

Då romferja Columbia vart den andre romferja som gjekk tapt for NASA, vart det bestemt at alle dei tre gjenverande romferjene skal skrotast innan 2010 og skal erstattast med romfartøyet Orion. Før det, er det er planlagt å nytte Endeavour på 5 oppdrag. Det kan hende at dette talet aukar til 7, om nadsynt. Dei gjenverande reisene med Endevour er alle fokusert rundt konstruksjonen av den internasjonale romstasjonen.

[endre] Bakgrunnsinformasjon

Informasjon frå romfartsorganisasjonen NASA

Romferder med romferja Endeavour

1992: STS-49 | STS-47 | 1993: STS-54 | STS-57 | STS-61 | 1994: STS-59 | STS-68 | 1995: STS-67 | STS-69 | 1996: STS-72 | STS-77 | 1998: STS-89 | STS-88 | 2000: STS-99 | STS-97 | 2001: STS-100 | STS-108 | 2002: STS-111 | STS-113 | 2007: STS-118 2008: STS-123 | STS-126


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -