Regionar i Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionar i Danmark er frå 1. januar 2007 nemninga på eit forvaltingsnivå i Danmark. Region erstatta då amt som nemning på nivået over kommune. Omlegginga frå amt i Danmark er eit ledd i ei avtale mellom den danske regjeringa og Dansk Folkeparti om strukturreform, som vart inngått i juni 2004.
Dei endelege namna og områdeinndelinga vart fastsett i lov av 24. juni 2005.
Danmark vart inndelt i fylgjande fem regionar:
- Region Nordjylland - det tidlegare Nordjyllands Amt og ein del av Viborg Amt, framleis med Aalborg som administrasjonsby.
- Region Midtjylland - dei tidlegare Ringkjøbing og Århus amter, samt deler av Viborg og Vejle Amt, med sentral forvaltning i Viborg.
- Region Syddanmark - dei tidlegare Fyns, Ribe og Sønderjyllands amt, i tillegg til delar av Vejle Amt, med Vejle som administrasjonsby.
- Region Hovedstaden - dei tidlegare Københavns og Frederiksborg amt, Københavns og Frederiksberg kommunar, i tillegg til Bornholms Regionskommune, med sentral forvaltning i Hillerød.
- Region Sjælland - dei tidlegare Roskilde, Storstrøms og Vestsjællands amt, med sentral forvalting i Sorø.
[endre] Lenkjer ut
- Aftale om strukturreform - hjå Indenrigs- og Sundhedsministeriet
- Strukturreform - hjå Vejle Amt
- Oversiktskart over Danmarks nye kommuner
- Google Map med 98 kommunar(dansk)