Redon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redon og elva Vilaine | |
Styresmakter | |
---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Ille-et-Vilaine |
Geografi | |
Flatevidd - By |
15,09 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
9 499 529/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 12 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 35600 |
Heimeside: www.redon.fr |
Fougères er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Ille-et-Vilaine i regionen Bretagne, og har om lag 10 000 innbyggjarar. Byen ligg ved grensa til departementa Morbihan og Loire-Atlantique.
Den litle byen ligg der elvane Oust og Vilaine renn i hop, og han vert derfor ofte råka av flaum om hausten og vinteren.
[endre] Historie
Ein veit ikkje mykje om byen før 832, men det ser ut til å ha vore eit sokn her med namn Riedones, som har gjeve namn til byen. I 832 grunnla Conwoion, ein bretonsk munk, klosteret Saint-Sauveur de Redon med hjelp av den karolingiske keisaren Louis le Pieux. I dag finns det framleis dokument som viser administreringa av klosteret.
Byen utvikla seg rundt klosteret og hadde på 1960-talet rundt 6 000 innbyggjarar.
I mellomalderen fekk Redon fordelar gjennom maritim handel på elva Vilaine.