Röyksopp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Röyksopp | ||
Land | Noreg | |
Aktive år | 1998- | |
Sjanger | Elektronika Downtempo Trip hop |
|
Selskap | Astralwerks | |
Internettside | http://royksopp.com | |
Medlemmer | ||
Torbjørn Brundtland Svein Berge |
- For soppen, sjå røyksopp.
Röyksopp er ein musikkgruppe som spelar elektronisk musikk. Röyksopp består av duoen Torbjørn Brundtland og Svein Berge som begge kjem frå Tromsø. Gruppa vart offisielt danna i 1998. Året etter debuterte dei med singelen So Easy.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
Sjølv om Brundtland og Berge var kameratar i heimbyen Tromsø og eksperimenterte med elektroniske instrumenter tidleg på 1990-talet, oppstod ikkje Röyksopp før dei flere år seinare møttes i Bergen. Gruppa vart offisielt danna i 1998, og debuterte med singelen So Easy på Mikal Telle sitt selskap Telle Records i 1999. Röyksopp fekk snart internasjonal oppmerksomhet og fekk kontrakt med selskapet Wall of sound recordings, som har gjeve ut resten av musikken deira.
Röyksopp fikk stor oppmerksomhet og kommersiell suksess med sitt første album Melody A.M. i 2001. Mykje av grunnen til suksessen tilskrives bandets grafiske musikkvideoar, som gjennomgående var eksperimentelle og for sin tid også delvis nyskapende. Videoen til «Remind Me», laget av det franske selskapet H5, vant MTV-prisen for beste musikkvideo under utdelinga i Barcelona i 2002. Her opptrådte de også live på scena foran millionar av europeiske TV-sjåarar.
Oppfølgjaralbumet The Understanding vart lansert i juli 2005, med Only This Moment som første singel.
[endre] Priser
Röyksopp har vunnet Spellemannprisen fem gongar. Under Spellemannprisen 2001 vant dei i klassen Elektronika for albumet Melody A.M. og vart også tildelt prisen Årets musikkvideo for videoen til låta Eple. Under Spellemannprisen 2002 vart dei kåra til Årets spellemann og vart dessuten tildelt prisen Årets musikkvideo for Remind Me. I 2005 vant dei i klassen Popgruppe for albumet The Understanding. Röyksopp har dessutan vunne Alarmprisen heile fire gongar, fleire enn nokon andre artistar. Under Alarmprisen 2002 fekk dei pris i både klassen Pop og klassen House/techno for Melody A.M. og i vart i tillegg tildelt prisen Årets låt for Eple. I 2006 vant dei i den nyetablerte klassen Klubb for albumet The Understanding.
[endre] Plateutgjevingar
[endre] Studioalbum
Utgitt | Tittel | Listeplassering i Noreg (VG-lista) |
---|---|---|
2001 | Melody A.M. | 61 veker på albumlista i 2001, 2002 og 2003 med 1. plass som beste plassering[1] |
12. juli, 2005 | The Understanding | 35 veker på albumlista i 2005 og 2006 med 1. plass som beste plassering[2] |
[endre] Livealbum
Utgjeve | Tittel | Listeplassering i Noreg |
---|---|---|
2006 | Röyksopp's Night Out |
[endre] Andre album
Utgjeve | Tittel | Listeplassering i Noreg |
---|---|---|
2. april, 2007 | Back To Mine | 2 veker på albumlista i 2007 med 24. plass som beste plassering[3] |
[endre] Singler
Frå Melodi A.M.:
- So Easy
- Poor Leno
- Remind Me/So Easy
- Eple
- Sparks
Frå The Understanding:
- Only This Moment
- 49 Percent
- What Else Is There?
- Beautiful Day Without You
[endre] Referansar
[endre] Bakgrunnsinformasjon
Mal:Prisvinnar