Quimper
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Odet i sentrum av Quimper | |
Plassering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Finistère |
Geografi | |
Flatevidd - By |
84,45 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
63 238 749/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 6 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.mairie-quimper.fr |
Quimper (Kemper på bretonsk, Corspotium på latinsk) er ein by og kommune i Bretagne nordvest i Frankrike. Byen har rundt 65 000 innbyggjarar, som vert kalla quimpérois. Quimper er prefecture (hovudstad) i departementet Finistère.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Namnet Quimper kjem av det bretagnske ordet kemper, som tyder «samanløpande», fordi byen vart bygd der elvane Steir, Odet og Jet renn i hop.
Quimper ligg i ein vakker dal der elvane Odet og Steir renn i hop i det sørvestlege hjørnet av Bretagne. Byen ligg 55 km nordvest for Lorient, 175 km vest for Rennes og 485 km sørvest for Paris.
[endre] Historie
I antikken var byen hovudstad i La Cornouaille. I 495 vart byen eit bispedøme, og seinare hovudstad for grevane av Cornouailles. På 1000-talet vart det slått i samen med Hertugdømet Bretagne. Byen leid stort under Den bretagnske arvefølgjekrigen på 1300-talet. I 1364 gjekk hertugdømet over til Huset Montfort.
Under den franske revolusjonen fekk byen namnet Montagne-sur-Odet.
[endre] Attraksjonar
Byen har ein landleg atmosfære med sjarmerande gangbruer over elvane som renn gjennom han. Kyrkja Locmaria, ein romansk bygning frå 1000-talet ligg her, og mellom 1200- og 1500-talet vart den flotte Cathédrale Saint-Corentin de Quimper bygd, med sin storslåtte fasade i gotisk stil. Det er den eldste gotiske bygningen i nedre Bretagne. Dei to tårna på om lag 80 meter vart reist på 1800-talet. Domkyrkja har òg nokre usedvanlege glassmaleri som vindauge. Domkyrkja er tileigna den første biskopen i Quimper, Corentin.
I dag er byen mest kjend for keramikken Quimper faïence, som har vore laga her sidan 1690 etter modell av Jean-Baptiste Bousquet.