Puy de Sancy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puy de Sancy | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 1 886 moh | |
Ligg i/på | Frankrike | |
Fjellkjede | Massif Central | |
Primærfaktor | 1 579 m | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Puy de Sancy er det høgaste fjellet i Massif Central og sentrale område av Frankrike, og det høgaste i landet utanom Alpane og Pyreneane. Fjellet har ei høgd på 1 886 meter over havet.
Fjellet er ein del av ein gamal stratovulkan, som har vore sovande i 220 000 år.
Dei nordlege og sørlege fjellsidene vert nytta til skisport, og fleire kabelvogner og skiheisar går opp fjellet. Det har vore køyrt ski her sidan tidleg på 1900-talet. To lokale prestar kryssa Puy de Sancy på ski i 1905. I 1936 vart det bygd ei kabelvogn frå Mont-Dore til ein av tindane like nedanfor toppen. I desember 1965 førte ei kabelvognulukke til at ti passasjerar vart skada, medan sju omkom. Super-Besse er eit skisenter på sørvestsida av fjellet.
Dalen i nord er kjelda til to småelvar kalla Dore og Dogne, som dannar elva Dordogne, som renn gjennom den nærliggande kurstaden Mont-Dore og vidare til elvemunningen til Garonne.