PH-meter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit pH-meter er eit instrument til å måla pH med. pH-meter har ofte ei ioneselektiv glasselektrode og ei referanseelektrode med konstant potensial.
For at pH-verdien vi les av pH-meteret skal vere rett,må pH-meteret ha blitt kalibrert på førehand med Dette gjer me ved å sette pH-meterets elektrode i minst to ulike bufferar som vi veit har ret pH; t.d. ein med pH 7, og ein med t.d. pH 4 eller pH 10. pH-meteret vil justere seg etter bufferane, slik at det veit kva spenninga er ved dei ulike forholda mellom H+ og OH-.
Eit typisk pH-meter er eit millivoltmeter med 2 elektroder. Den eine elektroda er ein glaselektrode som reagerer på endringar i konsentrasjonen av hydrogenion i løysinga ein måler. Den andre elektroda er ei referanseelektrode som ikkje blir påverka av hydrogeniona, men som har konstant potensial. Referanseelektroden verkar som ein slags nullstillar for pH-meteret.
Dei to elektrodene kan brukast kvar for seg som i eit galvanisk element, men vanlegvis er dei slått saman til ei kombinasjonselektrode. Når elektrodene blir sett ned i ei løysing, oppstår det ei spenning mellom dei, alt etter konsentrasjonen av hydrogenion i løysinga. Det er denne spenninga pH-meteret måler. Det blir målt i mV, og omsett til pH. Ei pH-eining er det same som 59 mV ved 25 grader celsius.