Pavel Rostovtsev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavel Aleksandrovitsj Rostovtsev, russisk Павел Александрович Ростовцев, (fødd 21. september 1971 i Gus-Khrustalnyj i Vladimir oblast i Russland) er ein russisk skiskyttar. Han er tre gonger verdsmeister i skiskyting.
Rostovtsev bur i Krasnojarsk. Han har konkurrert i verdscupen sidan 1995/96-sesongen. I 2000 vart han verdsmeister med det russiske stafettlaget i VM i Lahti. Året etter vann han sprinten og jaktstarten i VM i Pokljuka. I 2001/02-sesongen kom han på andreplass i verdscupen samanlagt. Sidan har han ikkje klard like gode resultat, og han har ikkje vunne verdscuprenn sidan 2001/02-sesongen. Han var med i den russiske troppen til Vinter-OL i Torino i 2006, der han var med å ta sølv med stafettlaget.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 2. plass (2001/02)
- Verdsmeisterskap:
- 3 gull (2 individuelle), 6 sølv
- Olympiske leikar:
- 1 sølv (Beste individuelle: 5. plass (sprinten, 2002))
- Verdscuprenn:
- 6 gull, 12 sølv, 6 bronse