Pave Kletus I
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pave Kletus | |
Cletus | |
Dåpsnamn: | Anenkletos |
Fødd: | Tidspunkt ukjent, Sannsynlegvis Hellas |
Død: | Ca. 88, Roma |
Vald: | Ca. 76 |
Innsett: | Ca. 76 |
Saligkåra: | Kort tid etter sin død. |
Heilagkåra: | Kort tid etter sin død. |
Festdag: | 26. april |
Føregjengar: | Pave Linus |
Etterfylgjar: | Klemens I |
Kletus (eg. Anakletus, men på norsk tradisjonelt kjend under kortforma) (død ca. 88) var pave frå ca. 76 til han døyde. Han var den tredje paven.
Namnet, på gresk Anenkletos, betyr «ulasteleg», og var eit namn som stort sett vart brukt av slavar. Det er derfor rekna som muleg at han var ein frigjeven slave, eller at far hans hadde vore slave.
Opplysningane som finnst om han er sparsame og usikre. Han skal ha ordinert ein del prestar, delt inn Roma i 25 kyrkjesokn, sett opp reglar for vigsling av biskopar og for klesdrakten til presteskapet, og bygd eit oratorium ved grava til apostelen Peter grav på Vatikanhøgda.
Nokre eldre pavelister reknar han ikkje som pave, men som stadfortredar for Klemens I under hans lange fråver frå Roma. I andre lister dukker han opp to gonger, både som Kletus og Anakletus. I ein lang periode hadde han to minnedagar i den liturgiske kalenderen: 26. april som Kletus og 13. juli som Anakletus. Sistnemte minnedag er nå avskaffa.
Ifølgje tradisjonen leid han martyrdøden under keisar Domitian (81–96), men det finnst ikkje noko belegg for dette.
Han vart rekna som helgen umiddelbart etter sin død. I kunsten har han attributta palme (martyrsymbol), pavekors og ein mynt som han knuser.
Føregjengar: Pave Linus |
Pave |
Etterfylgjar: Klemens I |
- Denne artikkelen bygger på «Pave Kletus I» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2008.