See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Pave Felix III - Wikipedia

Pave Felix III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pave Felix III
Felix III
Mosaikk av pave Felix i Kosmas og Damiankyrkja i Roma
Dåpsnamn: Felix
Fødd: Ukjend dato, Samnium
Død: 22. september 530, Roma
Vald: juli 526
Innsett: 12. juli 526
Saligkåra:
Heilagkåra: Like etter sin død
Festdag: 22. september
Føregjengar: Pave Johannes I
Etterfylgjar: Pave Bonifatius II

Felix III var pave frå 526 til 530. Fordi ein tidlegare pave som òg heitte Felix seinare blei erklært motpave, blir denne paven ofte òg kalla Felix IV.

Han var frå Samnium og var sonen til ein Castorius. Etter at pave Johannnes I vart drepen av den austgotiske kong Theodoric den store, etterkom dei som skulle velge den nye paven kongen sine krav og valde kardinal Felix til pave. Valet fann stad nesten 2 månader etter at Johannes I døydde i fangenskap.

Sidan Felix var kongen sin favoritt, førte det til at kongen skaffa kirka større fordelar. Han fekk godkjend at rettsaker mot geistlege skulle handterast av paven. Han definerte kirka si lære om nåde og fri vilje som svar på eit ønske om ei motsetning til semipelagianismen i Gallia.

Paven overrekker  helgenane Kosmas og Damian kyrkja han via til dei.
Paven overrekker helgenane Kosmas og Damian kyrkja han via til dei.

Paven fekk to gamle byggverk på Forum Romanum i gåve frå dronning Amalasuntha. Desse var opphavleg Romuluistempelet og Templum sacrae urbis. Dette siste bygde Felix om og via det til helgenparet Kosmas og Damian som Kosmas og Damiankyrkja.

Felix prøvde å velge sin eigen etterfølgar: Bonifatius. Reaksjonen til senatet var å forby nokon som helst diskusjon om ein etterfølgar til paven resten av livet hans; heller ikkje å akseptere ein nominasjon til same stilling.

Fleirtalet av dei geistlege reagerte på Felix sitt forsøk på å få nominert Bonifatius med å velja Dioscorus til pave, mot mindretalet som stemde for Felix sin kandidat. Dioscorus fungerte som motpave i tjueto dagar, til han døydde. Bonifatius blei den offisielle etterfølgjaren til Felix.

[endre] Lenkjer ut


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -