See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Pátra - Wikipedia

Pátra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pátra
Det romerske Odeumet i Pátra
Det romerske Odeumet i Pátra
Plassering
Pátra (Hellas)
Pátra
Pátra
Styresmakter
Land
Periferi
Prefektur
Hellas Hellas
Vest-Hellas
Akhaia
Geografi
Flatevidd
 - By

125,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

161 114
Koordinatar 38°15′0″N 21°44′0″EKoordinatar: 38°15′0″N 21°44′0″E
Høgd over havet 0 - 10 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 26x xx
Telefon-retningsnummer 2610
Bilnummer AX
Heimeside: www.patras.gr


Pátra (demotisk gresk: Πάτρα, klassisk gresk: Πάτραι, Pátrai, latinsk Patrae, osmansk: Ballıbadra) er den tredje største byen i Hellas og hovudstad i prefekturet Akhaia, nord på Peloponnes, 215 km vest for Aten. Byen vart bygd ved foten av fjellet Panakhaiko ved Patrasbukta.

Storbyområdet rundt Patras har om lag 250 000 innbyggjarar. [1] Det har vore busetnadar her i fire tusen år og i romartida vart han ein storby og eit senter for det austlege Middelhavet og i følgje kristen tru var det har apostelen Andreas leid martyrdøden. Kalla Hellas si «dør til vesten» er Patras eit trafikknutepunkt med ei travel hamn og handel og kommunikasjon med Italia og resten av Vest-Europa. Byen har to offentlege universitet og eit teknologisk institutt, som fører mange studentar til byen. Den imponerande Rio-Antirio-brua knyter Rio, ein austleg forstad i Patras til byen Antirrio over Korintbukta.

Kvar vår er Patras åstad for eit stort karnival og med eit stort kulturelt miljø vart byen europeisk kulturhovudstad i 2006.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Satellittbilete av Patras
Satellittbilete av Patras

Patras ligg 215 km vest for Aten med bil, 94 km nordaust for Pyrgos, 7 km sør for Rio, 134 km vest for Korint, 77 km nordvest for Kalavryta og 144 km nordvest for Tripoli.

Den største elva i området er Glafkos som renn sør for Patras. Glafkos har sitt utspring i Panakhaikon og vatnet renn ut i eit reservoar nær landsbyen Souli, og gav energi for det første vasskraftverket i landet.[2]

Området er seismisk aktivt, noko som har ført til mange kraftige jordskjelv gjennom tidene. Det siste kraftige kom i 1993 med eit skjelv på 5 på Richterskalaen og eit anna i 1995.

[endre] Historie

Patras, eksport av rosiner
Patras, eksport av rosiner
Apolloteateret ved Georgiou I-plass
Apolloteateret ved Georgiou I-plass

[endre] Antikken

Dei første spora etter busetnad i Patras går tilbake til 2000-talet fvt. Patras byrja å vekse i den mykenske perioden (1580–1100 fvt.). Patras vart i antikken danna av tre mykenske landsbyar ved Aroe, Antheia og Mesatis. Gresk mytologi fortel at etter ein doriansk invasjon oppretta ei gruppe akhaiarar frå Lakonia, leia av Patrevs, ein koloni. I antikken vart Patras verande ein landleg region, men i romartida vart han ei viktig hamn.

Etter 280 fvt., men før den romerske erobringa av Hellas, spelte Patras ei viktig rolle i grunnlegginga av Det akahiske forbundet i lag med byane Dyme, Triteia og Farai. Som følgje av dette vart dei politiske rørslene flytta vestover i Akhaia. Romarane erobra Hellas i 146 fvt. og Augustus oppretta seinare ein romersk koloni der. Eit matrikkelkort vart skrive opp, han fekk privilegiar og det vart oppretta handverkarbransjar. To industrisoner vart oppretta, tempel vart bygd og vegar som gjorde Patras til eit kommunikasjonssenter vart bygd. Mot slutten av 200-talet evt. byrja derimot byen å forfalle, truleg etter eit kraftig jordskjelv som råka heile regionen i år 300.

[endre] Apostelen Andreas

I følgje kristen tru kom apostelen Andreas til Patras for å forkynne kristendom under regjeringstida til keisar Nero og han vart krossfesta som ein martyr. Han skal ha vorte hengd opp på ein type kross kalla Crux decussata (X-forma kross), som ofte vert kalla «Andreaskross». Etter den tid har han vorte rekna som ein skytshelgen for byen. I følgje segnet vart levningane hans flytta frå Patras til Konstantinopel, og så vestover. Ei lokal segn seier at levningane vart seld til romarane av lokale prestar i byte mot at romarane bygde eit vassreservoar for byen.[3]. I følgje Hieronymus, som óg fortel at levningane vart flytta til Konstantinopel på 300-talet, skal levningane av evangelisten Lukas ha vorte flytta frå Patras til Konstantinopel samstundes. Dette tyder på at Lukas óg var aktiv i Akhaia og at han óg leid martyrdøden her.

I seinare år vart levningane halde i Vatikanstaten, men vart sendt tilbake til Patras av Pave Paul VI i 1964. Levningane som består av ein liten finger og ein del av toppen av kraniet til Andreas har sidan den gong vorte halde i St. Andreaskyrkja, i ei spesiell grav. Andreaskrossen, der han leid martyrdøden, vert óg halde her, nær helgenen sine levningar. To tempel vart bygd til ære for han. Ein basilika i gamal austromersk stil, og ei ny monumental kyrkje, som stod ferdig på 1970-talet.

[endre] Austromarriket

I tida under Austromarriket var Patras framleis ei viktig hamn og eit industrisenter. I 551 vart byen lagd i ruinar etter eit jordskjelv. I 807 klarte Patras, utan hjelp utanfrå, å slå slavoniarane, men mykje av æra for dette fek St. Andreas. Andreaskyrkja fekk pengestøtte frå imperiet, og erkebiskopen her styrte over biskopane av Methone, Lacedaemon og Korone. Artehas av Cæsarea, ein lærd filosof og teolog, vart fødd i Patras rundt år 860. På 800-talet var byen i stor velstand.

[endre] Det latinske riket

I 1204 vart Patras erobra under det fjerde krosstoget og vart eit sete for det latinske hertugdømet Akhaia innafor fyrstedømet Akhaia. Byen vart igjen erobra i 1205 av Vilhelm av Champlitte og Villehardouin og vart hovudstad og erkebispesete for fyrstedømet Akhaia. I 1387 ønskte De Heredia, stormeister av MaltesarordenenRhodos, å styre over Akhaia og tok Patras med makt. I 1408 vart han ein del av Republikken Venezia. På slutten av 1400-talet, vart derimot byen styrt av ein erkebiskop under paven. Patras vart erobra igjen despoten Konstantin XI i 1430.

[endre] Det osmanske riket

I 1458 vart Patras erobra av sulatenen av Det osmanske riket, Mehmet II. Under osmanarane vart han kalla Baliabadra (frå gresk Παλαιά Πάτρα, byen, i motsetnad til Νέα Πάτρα, festningen). Mehmet gav byen spesielle privilegiar og skatteletter, men han vart aldri eit stort handelssenter. Venezia og Genova gjekk til åtak og erobra byen fleire gongar på 1400- og 1500-talet, men klarte aldri å gjenopprette eit effektivt styre.[4]

Patras spelte ei viktig rolle i den greske sjølvstendekrigen mot osmanarane i 1821. Det var her den greske revolusjonen byrja. ;[5], men tyrkarane klarte å halde på festningen her ut 1828. Det har vorte hevda at den greske revolusjonen starta 25. mars 1821, då erkebiskopen av Gamle Patras, og medlemmer av revolusjonsorganisasjonen Filiki Eteria, sverga Germanos sjølvstende ved kappelet på Agios Georgios , nær den moderne plassen.

[endre] Moderne tider

Hamna i Patras. Moloen ved Aghiou Nikolaou-gata
Hamna i Patras. Moloen ved Aghiou Nikolaou-gata

Patras vart frigjeve 7. oktober 1828 av franske styrkar på Peloponnes under General Maison. I 1829 vart det lagt fram planar om ein ny byplan for byen, som då framleis var i ruinar. Planen vart ikkje sett i verk før midt av 1800-talet. Patras utvikla seg til det nest største storbyområdet i Hellas seint på 1800-talet.[6]

Området rundt byen var storprodusent av rosiner på 1800-talet, men eksportprisane i det internasjonale markedet på rosiner stupte i 1894 og dette førte med seg store finansielle, politiske og sosiale etterverknadar, kalla den greske rosinkrisa.[7] Handel med Vest-Europa, hovudsakleg Storbritannia, Frankrike og Italia, gjorde mykje for å forme byen som ei viktig hamn og storbyområde tidleg på 1900-talet i Hellas.

Den første verdskrigen hemma utviklinga til byen og førte til ukontrollert byspreiing då flyktningar kom til byen frå Vesleasia. Under den andre verdskrigen vart byen eit mål for italienske bombetokt. Tyskarane okkuperte så byen og avretta mellom anna heile den mannlege folkesetnaden i den nærliggande byen Kalavryta og sette heile byen i brann. Etter krigen kom byen seg raskt, men i seinare år er han stadig vorte meir overskugga av Aten.

[endre] Fotnotar

  1. EU-kommisjonen http://www.urbanaudit.org/CityProfiles.aspx
  2. Thomopoulos, St. N, History of the City of Patras from Antiquity to 1821, Patrai 1952, (ed. Triantafyllou, K.N.)
  3. Thomopoulos, St. N, History of the City of Patras from Antiquity to 1821, Patrai 1952, (ed. Triantafyllou, K.N.)
  4. Islamsk leksikon s.v. Baliabadra
  5. Strategus Makrygiannis, "Memoirs", Bok A, Kapittel I, Aten, 1849, http://www.snhell.gr/testimonies/writer.asp?id=102
  6. Triantafyllou, Κ.Ν., Historic Lexicon of Patras
  7. Nasi Balta, "The civilization of raisin. Raisin cultivation in 19th century Peloponnese, the economic crisis, and the revolt of the farmworkers. The political, cultural and social framework" To Vima 06/02/2000 side S03 http://tovima.dolnet.gr/print_article.php?e=B&f=12838&m=S03&aa=1

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Pátra


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -