Olav Rusti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Georg Martinius Rusti (fødd i Vanylven den 29. mars 1850, død 1920) var ein norsk kunstmålar. Han vaks opp med etternamnet Rusten, men endra det seinare til Rusti av di dette høydest meir norsk ut. Rusti var aktiv i Vestmannalaget, og var oppteken av målsaka og bygdekultur. Han gifta seg i 1892 med tyskfødde Frida Hoeck Rusti (1861 - 1963), som òg var kunstnar. Frå 1895 budde dei i huset Urdi i Bergen. Huset heitte då Uren, men Rusti endra namnet til Urdi.