Obstipasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obstipasjon (forstopping, eller tilstopping) blir av Karoliussen 2002:397 definert som «forsinket eller ufullstendig utskilling av unormal hard eller tørr avføring». Ved obstipasjon har ein problem med å få ut avføringa. Det går tregt å få ut avføringa og ein må kanskje bruka meir krefter enn «vanleg». «Hvis du gjennomsnittlig har færre enn tre tømminger i uken, har du en forstoppelse» (Hovdenak).
Ein skiljer mellom colonobstipasjon og rektumobstipasjon. Rektumobstipasjon er opphoping av hard fekalmasse i endetarmen som stenger for tømming.
Colonobstipasjon som ikkje skuldast opphoping av fekalmasse i endetarmen kan delast inn i 3 ulike former; akutt forbigåande obstipasjon, kronisk symptomatisk obstipasjon, idiopatisk kronisk obstipasjon. Idopatisk kronisk obstipasjon kjem først og fremst av at tarmkontraksjonane ikkje vert koordinert skikkeleg og fekalmassen vert skubba fram og tilbake i tarmen. Fekalmassen skulle vert skubba mest «nedover» slik at tarmen fekk tømt seg.
Obstipasjon er ikkje eit resultat av aldringsprosessen, friske eldre skal som resten av befolkninga ikkje ha obstipasjon. (Kristoffersen 1996, Karoliussen 2002).
[endre] Årsaker
Ved mange sjukdomsdiagnosar er det vanleg å få obstipasjon, til dømes parkinsons, hypothyreose, autoimmune sjukdomar og nevrologiske sjukdomar som til dømes slag, MS og Lupus. Sjukdommar og skader i sjølve tarmkanalen kan også gje obstipasjon.
Fiberfattig og feil kosthald kan føre til obstipasjon. Ein kan få obstipasjon av mjølkeprodukt, både mjølk, ost og andre matvarer som inneheld mjølk. Andre matvarer kan sjølvsagt også gje obstipasjon dersom ein ikkje tåler dei, men mjølk er den mest vanlege syndaren.
Lite inntak av vatn kan føre til obstipasjon, dette kan også komme av høgt kaffi- og teforbruk (som er vassdrivande).
Bruk av visse typar medikament vil også kunne gje obstipasjon. Nokon avføringsmiddel irriterar tarmen og er vanedannande, tarmen venner seg då til middelet slik at ein treng ekstra stimuli for å tømme seg. Når ein då sluttar med medikamentet vil ein bli obstipert.
Lite fysisk aktivitet kan føre til og bidra til obstipasjon.
Uregelmessige toalettvaner, der ein undertrykker trongen til avføring kan også føre til obstipasjon. Dette kan komme av fleire årsaker, til dømes dårleg tilgang til toalett, hemorider, smerte ved avføring og dårleg tid. (Kristoffersen 1996, Deibjerg 2003, Hovdenak)
[endre] Plager på grunn av obstipasjon
Det er viktig å førebyggja obstipasjon. Ved rektumobstipasjon kan fekalmassen pressa på urinrøyret og kan gjera det vanskeleg å lata vatnet. Omvendt kan også ei full blæra sperra for avføringa.
Dersom ein har obstipasjon og nyttar seg regelmessig av sterke avførande middel som kontaktlaksantia1 vil ein kunne verta avhengig og få og elektrolyttforstyrringar. Ein kan få redusert opptak av både kalium, kalsium og dei fettløyslege vitamina A og D.
Ein obstipert tarm kan vera smertefull, og ein kan gå rundt med trong til avføring som er plagsam når ein ikkje får noko ut. Dersom ein har rektumobstipason, og det går særleg lang tid før ein får tømt seg, kan ein få obstipasjonsdiare (pardoks diare). Den harde fekalmassen stenger for avføring lenger oppe i tarmen. Men på sida av den harde fekalmassen gjer bakteriar at det kan passera ei vanntynn masse. Denne massen kjem som sprutdiare i små mengder, og kan innehalda små klumpar med fast avføring. Dersom ein går lenge med rektumobstipasjon kan utvidinga av rektum også føra til hemming og utviding av ringlukkemusklane som igjen vil kunne gje fekal inkontinens.
Treig mage og obstipasjon vil også kunne gje hemorider fordi ein må «trykka» ekstra under defekasjon, og fordi den fulle tarmen gjev ekstra trykk på portvenene. Hemorider kan gje smerte, kløe og blødning; som igjen kan gjere det ubehagleg å gå på do. Dersom ein då på grunn av ubehaget undertrykkjer trongen til å gå på do, vil ein igjen lettare få obstipasjon og hemorider.
Pasientar med redusert hjartekapasitet kan ha problem med å tåle penetreringa av ytre- og indre analmuskel, som skjer ved innsetjing av mange avføringsmiddel. Stimuleringa av nerva n. Vagus stimulerer det parasympatiske nervesystemet, som gjev langsam puls og lite blod til hjernen og kvalme. Dersom ein då har dårleg hjartekapasitet kan det også føre til sjokk. Ved penetrering av anus er det også fare for å øydeleggje hemorider som kan blø, og tarmen kan bli øydelagt. Dette kan skje ved uhell eller uvettig bruk. Plukking av avføring manuelt ut av anus er ofte nødvendig når avføringsmidla ikkje fungerer. Dette er vondt, blødning, rifter og n. Vagus stimulering oppstår endå lettare, så dette er risikofylt. (Kristoffersen 1996, Jacobsen 2000, Ruths, klyx/klyster 2004)
[endre] Litteratur
- Dalland, Olav (2004). Metode og oppgaveskriving for studenter. Oslo:Gyldendal Norsk Forlag AS
- Kristoffersen, Nina Jahren (2003). Generell sykepleie 3. Oslo:Gyldendal Norsk Forlag AS
- Deibjerg, Jonna (2003). Helbredsproblemer der kan lettes ved kostendring, Leksikon over fysiske og psykiske symptomer. København:Høst & Søn
- Jacobsen, Dag og Anne Marie Vennerød (red.)(2000).Farmako terapi for helsepersonell. Oslo:Gyldendal
- Klyx/klyster (2004). Diakonissehjemmets høgskole. Modul 1. Notat om klyx og klyster setting utan forfattar, utdelt på skulen.
- Bjørneboe, Gunn-Elin Aa og Christian A. Drevon (1999). Mat og Medisin. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS
- Karoliussen, Mette og Kari Lislerud Smebye (1997). Eldre, Aldring og Sykepleie. Oslo:Gyldendal Norsk Forlag AS
- Birketvedt, Kjersti og Anne E. Kørner Bueso. Når bare litt er altfor mye, å lage mat til en med matvareallergi/-intoleranse. Utviklet av Norges Astma- og Allergiforbund i samarbeid med Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet (Nå Sosial- og helsedirektoratet, avdeling ernæring.) www.naaf.no/fakta/index.jsp?id=191
- Berstad, Arnold professor og seksjonsoverlege ved medisinsk avdeling, gastroenterologisk seksjon, Haukeland sykehus. Reaksjoner på mat - stress eller allergi? www.naaf.no/blader/artikkel_ap.jsp?id=104
- Hovdenak, Nils Overlege dr. med. ved Medisinsk avdeling, Haukeland universitetssykehus, intervjuet av Eva Fosse. Forstoppelse og diaré. Www.helsenytt.no/artikler/forstoppelse_diare.html
- Ruths, Sabine stipendiat ved Nasjonalt formidlingssenter i geriatri (NFG).Mat og medisin går ikke alltid godt i lag. www.uib.no/isf/nfg/geronius/2001nr3/2001nr30.htm