Nure
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nure | ||
|
||
Utspring | Monte Nero | |
- Høgd | 1 800 m | |
Munning | Po mellom Caorso og Caselle Landi | |
Land i nedslagsfelt | Italia | |
Lengd | 75 km | |
Middelvassføring | 15 m³/s |
Nure er ei elv i provinsen Piacenza i Emilia-Romagna i Italia. Ho har sitt utspring på nordsida av Monte Nero og etter om lag 75 km munnar ho ut i Po 10 km aust for Piacenza, i nærleiken av Roncarolo, ein del av kommunen Caorso, på grensa til kommunen Caselle Landi i Lombardia.
Den øvre delen av dalen er noko påverka av havluft og det vert derfor sjeldan tåke og kraftig vind her. I denne dalen ligg det 79 forskjellige festningsverk.
Dei største landsbyane langs elva er Ferriere, Bosconure, Cantoniera, Farini d'Olmo, Bettola, Ponte dell'Olio, Vigolzone, Grazzano Visconti og Podenzano.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Nure frå Engelsk Wikipedia .