See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Norsk Ordbok - Wikipedia

Norsk Ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Ordbok er eit prosjekt for utgjeving av eit ordboksverk over nynorsk språk og norske dialektar. Verket vert utgjeve i eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Kultur- og kyrkjedepartementet og forlaget Det Norske Samlaget.

Innhaldsliste

[endre] Målsetjing

Målsetjinga til ordprosjektet er fylgjande: «Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Hovudvekta skal liggje på grundige tydingsanalysar med klåre definisjonar, kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar og om dialektformer med heimfesting.»

Norsk Ordbok er ei kombinert litteratur- og dialektordbok, og denne kombinasjonen er heller uvanleg i europeisk samanheng. Bakgrunnen for det har å gjere med norsk språkhistorie og ideen bak nynorsken generelt, nemleg at nynorsken byggjer på ei jamføring av ulike dialektar. Elles kan Norsk Ordbok jamførast med andre vitskaplege ordboksverk som Svenska Akademiens Ordbok for svensk, Ordbog over det danske Sprog for dansk, Woordenboek de Nederlandsche Taal for nederlandsk og Deutsches Wörterbuch for tysk.

Verket er planlagt i 12 band, og vil verta den største og mest omfattande dokumentasjonen som ligg føre av norsk skrift og tale. Verket skal, saman med Norsk riksmålsordbok, vera ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Fram til og med 2007 har det kome ut seks band. Det fyrste heftet kom ut i 1950, etter at arbeidet vart starta i 1930.

[endre] Tilfang

Sjølve innsamlingsarbeidet kan seiast å ha fylgt eit tredelt prinsipp som Sigmund Skard formulerte i 1932: a) ord frå eldre dialektordbøker, b) ord frå nyare dialektinnsamlingar, c) ord frå nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur.

I den tidlege fasen vart ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt jamførde, og det danna grunnlaget for eit grunnmanuskript i 1930- og 1940-åra. Deretter vart tilfanget supplert etter Skards retningsliner då ein bygde opp setelarkivet

Setelarkivet har i dag om lag 3,2 millionar setlar. Av skriftlege kjelder kan nemnast a) dei eldste norske dialekt- og ordsamlingane frå dansketida (ca. 1650-1850), b) den nynorske skjønnlitteraturen, både den ”klassiske”, representert ved forfattarar som Aasen, Aasmund_Olavsson_Vinje, Arne Garborg og Olav Duun, og den nyare, ved til dømes Tarjei Vesaas, Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse, c) nynorsk faglitteratur og nynorske lærebøker, d) aviser, tidsskrift og blad heilt eller delvis redigerte på nynorsk, e) nynorske fagordbøker, f) Bibelen og salmedikting. Av munnlege kjelder kan nemnast a) tradisjonsord som er innsende av om lag 600 heimelsfolk frå heile landet, b) ord som er registrerte av Norsk Målførearkiv, d) kring 90 trykte dialektordbøker frå heile landet, e) private setelarkiv med samlingar av dialektord

[endre] NO 2014

Frå og med 1. juni 2002 vart arbeidet med Norsk Ordbok kopla til prosjektet "Norsk Ordbok 2014". Utgangspunktet er at Stortinget i 2001 slutta seg til innstillinga frå Kulturdepartementet (Stortingsmelding 22 1999–2000) og vedtok at ordboksverket skulle gjerast ferdig i 2014, dvs. til 200-årsjubiléet for den norske grunnlova. Etter vedtaket har det skjedd fleire endringar: løyvingane er kraftig auka, det er tilsett ei rad nye medarbeidarar, det er skipa ein eigen filial av redaksjonen i Trondheim, materialet er digitalisert, det er utarbeidd fastare og klarare reglar for redigeringa, mellom anna når det gjeld eksempel på bruk av ord og tydingar, og manuskripta for ordartiklane vert lagde direkte inn i eit nyutvikla redigeringsprogram.

Dei viktigaste finansieringskjeldene til Norsk Ordbok kjem frå Kultur- og kyrkjepartementet og Universitetet i Oslo.

Prosjektet «Norsk Ordbok 2014» har Magnus Rindal som styreleiar og Kristin Bakken som prosjektdirektør. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Oddrun Grønvik og Dagfinn Worren. Arbeidet vert organisert gjennom seks redaksjonsgrupper, kvar med 4-5 redaktørar.

[endre] Referansar

  • Bakken, Kristin. 2005. Norsk Ordbok 2014 – rammer og utfordringar. I Fjeld, Ruth V. og Dagfinn Worren (red.). Nordiske studiar i leksikografi 7, Oslo, 29–35.
  • Hageberg, Arnbjørg. 1992. Norsk Ordbok - i 1950 eit bybrotsverk, i 1991 ein anakronisme? I Fjeld, Ruth V. (red.). Nordiske studier i leksikografi, Oslo, 235–243.
  • Skard, Sigmund. 1932. Norsk Ordbok. Historie-plan-arbeidsskipnad. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Vikør, Lars S. 2003. Norsk Ordbok ved ein krossveg. I Slotte, Peter (red.). Nordiske studier i leksikografi 6. Tórshavn, 391–396.

[endre] Bakgrunnsstoff

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -