Nils Gustaf Dalén
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Gustaf Dalén, (30 november 1869–9 december 1937) f. i Stenstorp, Västergötlands læn, var ein svensk oppfinnar.
Fforeldra hans ville at han skulle bli bonde, men han byrja tidleg som oppfinnar. Gustaf de Laval råda han til å skaffa seg ein god teknisk utdanning. Han byrja då på Chalmers og etter eksamen arbeidde han meir med oppfinningar, fremst basert på å dra nytte av acetylen. Dalén studerte i 1896 på Eidgenössische Technische Hogschule Zürich.
Daléns oppfinningar omfattar klippapparat med trykkregulator, solventil og automatisk glødenettsutbyttar. Desse konstruksjonane la grunnen til føretaket AGA (AB Gas-Akkumulator) og føretaket sitt AGA-fyr. Slike fyr kan arbeide utan tilsyn opp til eit år. Gustaf Daléns bidrag til sikkerheita på verdshava gav honum nobelprisen i fysikk 1912. Han fekk prisen for sine "oppfinningar av sjølvverkande regulatorer som i kombinasjon med gassakkumulatorer kan brukast til belysning av fyr og lysbøyer". Dalén fann òg opp Agaomnen, som vart introdusert på marknaden 1929.
Dalén vart hardt brannskadd og mista synet i samband med ein gasseksplosjon i 1912 og det har blitt spekulert i om nobelprisen delvis var infuluert av denne tragiske hendinga.
Dalén held trass skaden fram med å leie AGA til 1937.