Nile Basin Research Programme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nile Basin Research Programme (NBRP), forskingsprogram om Nilbassenget, er eit forskingsprogram ved Universitetet i Bergen. Forskingsprogrammet vart offisielt opna den 15. mars 2006. Forskingsprogrammet er ei vidareføring av ein lang tradisjon Universitetet i Bergen har for å drive forsking på Nilen og områda i kring ho. Universitetet har som målsetnad å arbeida for å danna grunnlaget for nøytral forsking i området og byggje opp langsiktig kompetanse i regionen. NBRP går inn som ein del av the Nile Basin Initiative (NBI), eit initiativ som vart oppretta med stønad frå Verdsbanken i 1999 med hovudsete i Uganda. The Nile Basin Initiative skal skape fred og samarbeid i ein region som mange har spådd å fostre enorme naturressurs-konflikter i framtida.