Niels Bohr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Henrik David Bohr (7. oktober 1885–18. november 1962) var ein dansk fysikar som har gjeve avgjerande bidrag til forståinga av atomet sin struktur og utviklinga av kvantemekanikken. Niels Bohr mottok Nobelprisen i fysikk i 1922. Hans kontrafei pryder den danske femhundrekronesetelen.
[endre] Biografi
Bohr blei født den 7. oktober 1885 i København. Foreldra hans var Christian Bohr og Ellen Adler. Han døydde same stad den 18. november 1962.
I ungdomen sin spelte han fotball for det danske landslaget,og var ein ivrig seglar. Bohr blei utdanna ved Universitetet i København i 1911, deretter fôr han til Manchester i England og forska hos Ernest Rutherford. I 1913 offentleggjorde han ei skildring av atomet sin struktur. Denne skildringa er seinare blitt kjent som Bohr-modellen. Bohr blei i 1916 utnemnt til professor ved Universitetet i København og leiar av det nyoppretta Institut for teoretisk fysikk. Han åt middag med kongefamilien i Noreg den 8. april 1940. Rett før innvasjonen av Noreg og Danmark. Han elska å gå på ski i fjella. Spesielt i Noreg. Han og Werner Heisenberg jobba med København-fortolkningen. Den skildrar kvifor somme lekamar kan vere på to stader på same tid.
Niels Bohrs son Aage Niels Bohr blei sjølv tildelt Nobelprisen i fysikk i 1975.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Niels Bohr Institutet
- Niels Bohr på Google
- American Institute of Physics: Resources of the Niels Bohr Library (på engelsk)
[endre] Kjelder
Artikkelen er omsett frå Wikipedia på bokmål 10.10.07