Netteger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Netteger |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterogyta | |
Infraklasse: | Neoptera | |
Orden: | Hemiptera | |
Underorden: | Heteroptera | |
Familie: | Tingidae | |
Vitskapleg namn | ||
Tingidae
Laporte, 1807
|
Netteger (Tingidae) er ei lita gruppe insekt som høyrer til nebbmunnane. Namnet sitt har dei fått av mønsteret dei har på oversida av vengjene, som òg har gjeve dei det engelske namnet sitt lace-bugs - kniplingsteger. Dyra i gruppa er særs små og vert ofte oversett av insektsamlarar, så ein veit ikkje veldig mykje om dei. Frå Noreg er det registrert 15 artar[1] av totalt litt over 2000[2]. Frå Europa kjenner ein totalt 190 artar og underartar.[3]
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Nettegene er små insekt som målar mellom 2 og 5 millimeter[4]. Kroppsforma er gjennomgåande oval, og som mange andre teger flattrykt sett frå sida. Forbrystet protonum er stort og går så langt attende at det som oftast dekkjer scutellum - den delen av mellombrystet som vanlegvis er synleg i det øvre skiljet mellom dekkvengjene. Heile forbrystet og dekkvengjene er dekt med det karakteristiske nettmønsteret. Gruppa kan forvekslast med ei anna artsfattig tegefamilie, Piesmidae, men desse har fri scutellum.
Mange nettegeartar har skarpe og tydelege kjølar på vengjene og / eller forbrystet. Dette er dekt av det same nettet som resten av oversida av dyret. Saman med taggane dei ofte har på hovudet er kjølane sentrale i artsbestemming av desse insekta. Rundt kroppen har dei òg ofte bremmer som anten kan vera flate, vassrette eller i bogeform.
[endre] Levesett
[endre] Føde
Alle netteger er planteetarar som syg saft or vertsplanten med komplisert oppbygde sugesnablar. Ein finn dei sjeldan andre stadar enn på eller umiddelbart i nærleiken av planten dei beitar på, dette kan vera så ulike artar som malurt, tusenfryd, blåbær, mose eller tistlar. Dei færraste artane kan gjera noko særleg med skade på planten sin, men det er rapportert at Stephanitis rhododendri og S. oberti kan gjera skade på rhododendron.
[endre] Livssyklus
Det er særleg innanfor Stephanitis-slekta biologien er godt kjend. Her vert egga lagde om hausten, fest i klyngar til midtnervene til blad. Insektet dekkar dei med eit sekretlag som stivnar til etter kvart. Nymfane vert klekt i mai-juni, og vert kjønnsmogne i juli etter få hudskifte. Dei vaksne insekta døyr om vinteren, noko som gjer at livssyklusen til desse dyra er eittårig.
[endre] Kjelder
- Greve, Lita: Litt om Nett-teger i Norge - Hemiptera; Fam. Tingidae i Insekt-Nytt #2 1985