See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nebula Award - Wikipedia

Nebula Award

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nebula Award, Nebulaprisen, er ein litteraturpris som blir delt ut årleg av amerikanske Science Fiction and Fantasy Writers of America (SFWA), for beste fabelprosa utgjeve i USA for dei to føregåande åra. Det er ingen pengepremie med denne prisen og sjølve pokalen er ei gjennomsiktig blokk med ein glitrande modell av ei stjernetåke (eng. nebula) inni.

Innhaldsliste

[endre] Kategoriar i prisutdelinga

Nebula blir gjeve for fem forskjellege kategoriar: roman, kortroman, langnovelle, novelle og manuskript. Desse kategoriane vert definert etter lengde:

  • roman: Eit verk med meir enn 40 000 ord.
  • kortroman: Eit verk med minst 17 500 ord, men under 40 000 ord.
  • langnovelle: Eit verk med minst 7 500 ord, men under 17 500 ord.
  • novelle: Eit verk på under 7 500 ord.
  • manuskript: Eit manuskript for TV, radio, film eller teater.

Det eksisterar og meir spesielle Nebula prisar som ikkje vert delt ut årleg. Author Emeritus for bidrag på feltet fabelprosa. Damon Knight Memorial Grand Master prisen for livslange bedrifter, gjerne eit forfattarskap. Bradburyprisen for særs godt arbeid med filmmediumet. Andre Norton prisen for fabelprosa retta imot eit yngre publikum. The SFWA Award er ein fortenestepris.

[endre] Historie og vinnarar

Den første utdelinga var i 1965, då Frank Herbert vann beste roman med Dune. Ein del forfattarar har vunne fleire prisar enn andre. Joe Haldemann, Greg Bear, Lois McMaster Bujold, Harlan Ellison, Ursula K. Le Guin og Roger Zelazny utmerkjer seg her med tre eller fleire Nebula.


[endre] Liknande prisar

På årlege World Science Fiction Convention ("Worldcon") delar ein ut Hugo Award og John W. Campbell Award. Hugo Award vert stemt fram av fans av science fiction. Campbellprisen vert gjeve for beste nye skribent innan sjangeren og er sponsa av utgjevarane bak magasinet Analog, som hadde Campbell som ein av dei mest sentrale redaktørane i si historie.

I andre samanhengar vert ein John W. Campbell Memorial Award for beste novelle innan science fiction valt av ein jury. Denne prisen har ikkje noko samarbeid med Worldcon.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -