Nav
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nav er ei fellesnemning på Arbeids- og velferdsetaten og dei delene av kommunane sine sosialtenester som skal gå inn i eit felles velferdskontor. «NAV» var opphaveleg eit akronym for Ny arbeids- og velferdsforvalting men skal no sjåast på som eit ord.
Nav-reforma går ut på å samle trygdeetaten og Aetat til ein felles, statleg etat, og å samle førstelinetenestene til dei to etatane og den kommunale sosialtenesta. Reforma vart vedteken av Stortinget våren 2005, og i juli 2006 vart trygdeetaten og Aetat formelt avvikla og den nye Arbeids- og velferdsetaten etablert. Målet er at kvar kommune skal ha eit lokalt Nav-kontor innan 2010.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nettstad for Nav
- Aftenposten: «Barnet skal hete NAV»
- Aftenposten: «Gullkantet domene» – etter kjøpet av domenet nav.no for 4,75 millionar kroner.