See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Náxos - Wikipedia

Náxos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Náxos
Lokalt namn: Νάξος
Naxos by
Naxos by
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°5′00″N 25°28′00″EKoordinatar: 37°5′00″N 25°28′00″E
Øygruppe Kykladane
Areal 430 km²
Høgaste punkt Zas (999 moh)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Sør-Egearhavet
Kykladane
Største busetnad Naxos by (om lag 12 000 innb.)
Demografi
Folketal 18 188 (2001)
Folketettleik 42 /km²

Naxos (gresk: Νάξος, italiensk: Nasso; tyrkisk: Nakşa)) er ei øy i Hellas og den største øya i Kykladane i Egearhavet med eit areal på 430 km². Ho var sentrum for den gamle kykladiske kulturen.

Den største byen og administrasjonssenteret på øya er Hora, stundom kalla Naxos by, med om lag 12 000 innbyggjarar. Andre større landsbyar er Filoti, Apiranthos, Tragea (Khalki), Koronos, Sangri og Apollonas.

Naxos er ein populær turistdestinasjon med fleire lett tilgjengelege ruinar. Ho har mange vakre strender som Agia Anna, Agios Prokopios, Alikos, Kastraki, Mikri Vigla, Plaka og Agios Georgios, dei fleste nær Hora.

Naxos er den frodigaste øya i Kykladane. Ho har god tilgang på vatn, som det elles finns lite av i området. Fjellet Zas (999 moh) er den høgaste toppen i Kykladane og fører til orografisk nedbør, som gjev meir nedbør på Naxos enn dei omliggande øyane.

Innhaldsliste

[endre] Naxos i mytologien

Naxos by, tempelinngangen Portara er eit landemerke på Naxos.
Naxos by, tempelinngangen Portara er eit landemerke på Naxos.

I følgje gresk mytologi var den unge Zevs oppdradd i ei grotte i fjellet Zas (Zas tyder Zevs). Homer nemner «Dia», som tyder «den heilage gudinneøya».

Ei segn i heltetida før trojanarkrigen fortel om Thesevs som forlot Ariadne, dotter til Minos, kongen av Kreta, på øya etter ho hadde hjelpt han med å drepe Minotauren og røme frå labyrinten. Dionysos møtte ho og forelska seg. Men Ariadne, som ikkje orka vere borte frå Thesevs, tok livet sitt, i følgje athenarane, eller steig opp til himmelen i følgje eldre utgåver av soga.

I følgje ei anna segn skal Aloadae ha sett fjella Ossa og Pelion oppå kvarandre før Olympos, og gudane såg på dette som ein trugsel. For å løyse problemet fortalde Artemis Otus, ein av dei to brørne til Alodane, at om han stoppa omleiringa av Olympos, så ville ho verte elskaren hans ved Naxos. Ei anna soge fortel at Aloadae faktisk hadde slått seg ned på Naxos.

[endre] Historie

700- og 600-talet fvt. dominerte Naxos handelen i Kykladane.

I 502 fvt. gjorde innbyggjarane på Naxos opprør mot herrane sine i Persia. Dette opprøret førte til eit større jonisk opprør og så til den gresk-persiske krigen mellom Hellas og Persia.

Etter det fjerde krosstoget erobra Det latinske riket og venetianaren Marco Sanudo øya og tok like etter resten av Kykladane. Her oppretta han sjølv Hertugdømet Naxos. 21 hertugar i to dynasti styrte øygruppa fram til 1566, då osmanarane erobra øygruppa. Det venetianske styre haldt fram på spreidte øyer i Egearhavet fram til 1714.

Stranda Aghios Prokopis.
Stranda Aghios Prokopis.

Den osmanske administrasjonen vart i praksis verande hos venetianarane. Svært få tyrkarar slo seg ned på Naxos og den tyrkiske påverknaden på øya er liten. Det tyrkiske styret varte fram til 1821 då øyane gjorde opprør. Naxos vart til slutt ein del av Hellas i 1832.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Náxos

[endre] Kjelde

  • Karl Kerenyi 1951. The Gods of the Greeks.


Kykladane

Amorgos • Anafi • Andros • Antiparos • Delos • Ios • Kea • Kimolos • Kythnos • Milos • Mykonos • Naxos • Paros • Folegandros • Santorini • Serifos • Sifnos • Sikinos • Syros • Tinos


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -