Montone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montone er ei elv i Romagna i Italia. Ho er den første av elvane med utspring i Appenninane frå nord som ikkje er ei av sideelvane til Po, men i staden munnar ut i sjøen.
Elva renn gjennom San Benedetto in Alpe, Portico di Romagna, Bocconi, Rocca San Casciano, Dovadola, Castrocaro, Terra del Sole, Forlì og etter å ha mottatt vatn frå Rabbi renn ho mot Ravenna med namnet Fiumi Uniti («Samla elvar»).
Slaget ved Ravenna vart utkjempa nær staden der elva renn saman med Ronco i 1512. Ei anna sideelv er Acquacheta som er kjend sidan Dante Alighieri nemnde ho i Den guddommelege komedie.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Montone River frå Engelsk Wikipedia .