Mont Maudit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mont Maudit | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 4 465 moh | |
Ligg i/på | Frankrike Italia | |
Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Fjelltype | Granitt | |
Førsteklatring | Henry Seymour Hoare og William Edward Davidson med førarane Johann Jaun og Johann von Bergen den 12. september 1878 | |
Lettaste rute | Frå nordaust til nordvestryggen (PD) |
Mont Maudit er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Frankrike og Italia på 4 465 m. Mot slutten av 1700-talet vart Mont Blanc og fjelltoppane rundt på fransk kalla Montagne Maudite.
Den første stiginga av Mont Maudit vart utført av eit britisk lag med Henry Seymour Hoare og advokaten/diplomaten William Edward Davidson med førarane Johann Jaun og Johann von Bergen den 12. september 1878.
Sørsida av fjellet er mykje brattare enn den slake og snøkledde sida på nordsida. Denne ruta vart først klatra av Moritz von Kuffner med førarane Alexander Burgener ig Josef Furrer 2–4. juli 1887.
[endre] Kjelder
- Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994