See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Mont Aigoual - Wikipedia

Mont Aigoual

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mont Aigoual
Austsida av Mont Aigoual
Austsida av Mont Aigoual
Høgd over havet 1 567 moh
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Massif Central
Primærfaktor 730 m
Koordinatar 44°07′N 03°35′E
Vêrstasjonen
Vêrstasjonen

Mont Aigoual er det høgaste punktet i departementet Gard i Frankrike. Det er ein del av Massif Central, og er ein del av Cevennane nasjonalpark. Fjellet har ein primærfaktor på 730 meter.

Fjellet består av granitt og skifer og er ein stad med mykje nedbør i Massif Central, og ligg i området der fuktig luft frå det kalde Atlanterhavet møter den varme lufta frå Middelhavet. Den kraftige nedbøren dette skapar har gjeve namn til fjellet, som opphavleg var «Aiqualis» («den vasstrukne»). Den årlege middelnedbøren er opp til 2 250 mm, og er dermed den våtaste staden i Frankrike. Mont Aigoual er ein del av vasskiljet mellom Middelhavet og Atlanterhavet.

Vêrstasjonen på fjellet vart bygd i 1887, og vert i dag drive av det franske meteorologiske instituttet (Météo France). Det er den siste vêrstasjonen i Frankrike som framleis er busett av meteorologar. Ei utstilling om vêrvarsling er open for turistar om sommaren.

[endre] Vêrrekordar på stasjonen

  • Varmaste målt: 28,2 °C i 1947;
  • Kaldaste målt: -28,0 °C i 1956;
  • Kraftigaste vind: 93 m/s (335 km/t) 6. november 1966;
  • Største døgnnedbør (24 timar): 607 mm frå morgonen 30. oktober til morgonen 31. oktobr 1963
  • Største snømengde på eit år: 10,24 m;
  • Dagar med frost på eit år: 144;
  • Dagar med regn: 170;
  • Dagar med kraftig vind (> 16 m/s) : 265;
  • Dagar med tåke: 241;
  • Dagar med snø: 116.

Ved klår himmel kan ein sjå heilt til Middelhavet, Pyreneane, Alpane og Mont Blanc.

[endre] Kjelder

  • Green Guide:Languedoc, Roussillon, Tarn Gorges pp65-68, Michelin Tyre PLC, 1998 ISBN 2-06-136602-3


Commons har multimedia som gjeld: Mont Aigoual


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -