See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Minix - Wikipedia

Minix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MINIX 3.1.2a
MINIX 3.1.2a

Minix er eitt av fleire «Unix-liknande» operativsystem, desse inkluderer operativsystema Idris, Coherent og Uniflex. Somme av desse vart skrivne fordi AT&T si opphavlege lisensiering av Unix gjekk ut ifrå at det skulle seljast til organisasjonar for kommersielt bruk. Dei «Unix-liknande» operativsystema vart skrivne frå grunnen av utan noko kode frå AT&T.

[endre] Historie

Minix vart skrive av Andrew S. Tanenbaum frå Vrije Universiteit i Amsterdam i Nederland som eit eksempel i læreboka Operating Systems: Design and Implementation, ISBN 0-13-637331-3. Rundt 12 000 linjer kjeldekode frå kjernen, minnehandsamaren og filsystemet er trykte i boka; storparten er skrive i C.

Minix var laga for å køyre på IBM PC-ar og IBM PC/AT-maskiner i slutten av 1980-åra og tidleg i 1990-åra. Versjon 1.5 var òg porta til Motorola 68000-baserte maskiner (som t.d. Atari ST, Amiga og tidlege Apple Macintosh) og SPARC-baserte maskiner (som Sun Workstation arbeidstasjonar). Versjon 2.0 er berre tilgjengeleg for x86-arkitekturen.

Linux var påverka av Minix (Linus Torvalds var kjend med det, og nytta det som eit utviklingsverkty), men er på mange måtar svært ulikt Minix-arkitekturen. Det gjeld særleg Linux sin monolittiske kjerne framfor mikrokjernen i Minix. Då Minix vart utvikla, vart lisensen sett på som særs liberal, med eit svært lite lisensgebyr samanlikna med tilsvarande operativsystem. Dette var eit kompromiss mellom Tanenbaum sin intensjon om å ha Minix som eit instruerande eksempel, og utgjevaren sine ynskje om å handheve kopiretten i koden. Sidan det ikkje var fullstendig open kjeldekode, bidrog mange frivillige utviklarar heller til Linux- og FreeBSD-kjernane. I slutten av 1990-åra vart lisensen for Minix endra til open kjeldekode, men då hadde allereie andre operativsystem overgått Minix i funksjonalitet, og det forblei eit undervisningverkty – som Tanenbaum hadde meina at det skulle vere – framfor å bli eit utbreidd operativsystem.

[endre] Distribusjonar

Minix-distribusjonar har dei følgjande ISBN-nummera. Dei inneheld alle kjeldekoden, men kan vere utilgjengelege for sal:

  • Eit sett av 5¼"-diskettar for IBM-PC-ar med 640 KB RAM, som kan bli nytta på 512 KB-datamaskiner om du justerer somme programstorleikar. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583873-8.
  • Eit sett med diskettar for IBM PC med 256 KB RAM, som ikkje inkluderer nokon C-kompilator sidan den ikkje kan køyre med så lite minne. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583881-9.
  • Eit sett med diskettar for IBM PC/AT med minst 512 KB RAM; 1,2 MB 5¼"-diskettar er nytta istadenfor tidlegare 360 KB-diskettar. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583865-7.
  • Nispors industristandard 1600 bpi magnetisk band i UNIX tar-format. Inkluderer ein IBM PC-emulator og nokrebibliotek og program som gjer det mogleg å køyre Minix-filsystemet på ein VAX eller anna minidatamaskin som køyrer UNIX. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583899-1.

Minix versjon 2.0 er distribuert på ein CD-ROM som følgjer med Operating Systems: Design and Implementation, 2. utgåve, av Tanenbaum og Woodhull (1997, ISBN 0-13-638677-6). Seinare utgåver er tilgjengelege på nettet.

[endre] Eksterne lenker


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -