Minibank
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein minibank er ei maskin som let brukarar som identifiserer seg med eit betalingskort og tilhøyrande PIN-kode ta ut kontantar og sjekke saldo på sine konti til einkvar tid utan å måtte nytte seg av bankfunksjonærar. Mange minibankar tek òg imot kontantar eller sjekkar, og let folk kjøpe frimerke og ladekort for mobilabonnement.
Verdas første minibank vart installert i Enfield Town, i London 21. juni, 1967 av Barclays Bank.
I moderne minibankar identifiserer kundane seg med et plastikkort med ei magnetisk stripe som inneheld kunden sitt kontonummer, og ved å taste inn et numerisk passord kalla PIN. Normalt, om denne koden blir slegen inn feil for mange gonger, vil minibanken sluke kortet som ein sikringsprosedyre for å hindre at kortet blir brukt av feil brukar.
I 2005 vart betalingskort med microchip lansert i Noreg. Desse skal vere vanskelegare å forfalske og misbruke og er venta å erstatte kort med magnetisk stripe.