Mikrometer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikrometer er ei SI-avleia eining for måling av avstand. Ein mikrometer er lik 10−6 meter. Symbolet for mikrometer er µm.
Symbolet µ (Unicode-tegn U+00B5
; HTML µ
) er mikro-teiknet. Det er avleia frå den greske bokstaven μ (my). Symbolet «um» er av og til brukt når µ (SI-prefikset) og μ (den greske bokstaven) ikkje er tilgjengeleg, til dømes på ei skrivemaskin.
Mikrometer er ei vanleg eining for måling av bølgjelengder av infraraud stråling.
Enkelte menneske, særleg innanfor astronomi og halvleiarteknologi, bruker det gamle namnet mikron og/eller berre symbolet µ i staden for µm, men slik bruk er fraråda.
1 mikrometer er lik:
- 10−6 meter
- 1 000 nanometer
- 0,001 millimeter
Og motsett:
- 1 nanometer = 0,001 mikrometer
- 1 millimeter = 1000 mikrometer
SI-systemet: Lengd | |
---|---|
yoctometer << zeptometer << attometer << femtometer << pikometer << nanometer << mikrometer << millimeter << centimeter << desimeter << meter << dekameter << hektometer << kilometer << megameter << gigameter << terameter << petameter << exameter << zettameter << yottameter |