Mesoskala
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mesoskala meteorologi omhandlar vêrsystem som er mindre enn synoptisk skala, men større enn mikroskala. Den horisontale storleiken til slike system er vanlegvis mellom 10 km og fleire hundre kilometer. Bygelinjer, mesoskala konvektiv samansetting og mesoskala konvektivt system er døme på vêrsystem på mesoskala.
[endre] Underklassar
Mesoskala meteorologi er delt inn i desse underklassane (Orlanski, 1975):
- Meso-gamma 2-20 km, omhandlar fenomen som konveksjon i torevêr og luftstraum over kompleks terreng (på grensa til mikroskala).
- Meso-beta 20-200 km, omhandlar fenomen som solgangsbris.
- Meso-alfa 200-2000 km, omhandlar fenomen som bygelinjer, mesoskala konvektive system og små tropiske syklonar.
Den vertikale snøggleiken er ofte like stor eller større enn den horisontale snøggleiken i vêrsystem på mesoskala på grunn av ikkje-hydrostatiske prosessar.
[endre] Sjå òg
- Romskala
[endre] Kjelder
- Orlanski, I., 1975: A rational subdivision of scales for atmospheric processes. Bulletin of the American Meteorological Society, 56(5), 527-530.
- Fujita, T. T., 1986. Mesoscale classifications: their history and their application to forecasting, in Ray, P. S., ed., Mesoscale Meteorology and Forecasting: American Meteorological Society, Boston, p. 18-35. [presented 1984; published 1986]