Matrise
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For filmen som på norsk kan omsetjast til Matrisa, sjå The Matrix.
Ei matrise er ein rektangulær tabell med tal. Matriser er nyttige fordi dei gjer det enklare å handtere store mengder data. Dei blir mellom anna bruka for å løyse likningssystem og i regresjonsanalyse.
Dei horisontale linene i ei matrise blir kalla rader, mens dei vertikale linene blir kalla kolonner. Kvart enkelt tal blir kalla eit element. Ei matrise med m rader og n kolonner nemner vi som ei m×n-matrise, og m×n er dimensjonen til matrisa.
[endre] Døme
Eit døme på ei 4×3-matrise kalla A:
Elementet A[2, 3] eller a2, 3 i matrisa A er 7.
Matrisa R er ei 1×9-matrise. Alternativt kan vi seie at dette er ein 9-elements radvektor.