Diskusjon:Margrete Valdemarsdotter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dersom alle artiklar om kongelege skal ha tittel på forma NAMN av LAND, skal då artikkelen om Margrete flyttast til Margrete I av Danmark, Noreg og Sverige? Eller til dømes Margrete I av Norden? --Gunnernett 5. apr 2005 kl. 0831 (UTC)
- I dette spesielle fallet trur eg (utan nokon som helst vetorett, sjølvsagt) det blir rettast å ha artikkelen rett og slett på namnet Margrete Valdemarsdotter. Eg er elles litt i tvil om kor rett det blir å ha ei slik heilmodernisert rettskriving av namnet hennar. -- Olve 24. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
-
- Hm. Dette (Dronning Margrete Valdemarsdotter) var ein rar artikkeltittel. Kan ikkje sjå kor lenge han har heitt det, men det er då i strid med all praksis for kongelege. Eg flyttar han til Margrete Valdemarsdotter.--Barend 01:45, 18 oktober 2007 (CEST)
-
- No tabba eg meg litt med den flyttinga, men eg trur det gjekk bra til slutt. Eg flytta diskusjonssida først. Uff då.--Barend 01:48, 18 oktober 2007 (CEST)