See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Manger - Wikipedia

Manger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Manger
Plassering
Manger (Hordaland)
Manger
Manger
Radøy i Hordaland
Geografi


Folketal[1] 840 (2008)
Folketettleik 730,4 /km²
Areal[1] 1,15 km²
Koordinatar 60°38′38″N 5°2′29″EKoordinatar: 60°38′38″N 5°2′29″E
Annan informasjon
Ferdselsårer 565
Postnummer 5936 MANGER

Manger er namnet på ein tettstad i Radøy kommune, på eit prestegjeld i Radøy kommune og på eit sokn i det prestegjeldet, og det var tidlegare namnet på ein norsk kommune i Nordhordland.

Innhaldsliste

[endre] Bygda og tettstaden Manger

Manger er ein tettstad som er kommunesenter i Radøy kommune i Hordaland fylke. Staden ligg vest på Radøya. Riksveg 56 går gjennom staden.

Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området.

Også idrettsmiljøet på Manger er godt. Blant anna husar bygda den norske bordtennisspelaren Tommy Urhaug som har fleire VM- og EM-gull. Det fins ein symje- og idrettshall i bygda, Radøyhallen. Der trenar mellom anna Radøy Symjeklubb. I hjertet av bygda ligg hovudsetet for Radøy/Manger Fotballklubb. Det har også vore eit godt sykkel- og friidrettsmiljø i bygda.

[endre] Prestegjeldet og kyrkjesoknet Manger

Manger er eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Prestegjeldet famnar same område som Radøy kommune, og har tre sokn; Hordabø, Manger og Sæbø. Desse sokna tilsvarar stort sett dei tre tidlegare kommunane med same namn. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg er prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje.


[endre] Den tidlegare kommunen Manger

Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest.

[endre] Kjelder

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2008.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -