Malkit Singh
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malkit Singh er ein panjabisk bhangrisongar som er særleg kjend for songane «Gur Nalo Ishq Mita», «Tootak Tootak Tootiyan», «Kurri Garam Jayee» og «Chal Hun». Vestlege lyttarar kjenner gjerne Singh att for songen «Jind Mahi» frå lydsporet til Bend It Like Beckham.
Da Malkit Singh var berre fire år gammal, vart han teken opp ved ein skule for seksåringar. Sidan den tid har han alltid hatt eit forsprang på konkurrentane sine, og han har teke den karakteristiske panjabiske bhangramusikken til nye, tidlegare uutprøvde felt. Arbeidet hans er prega av crossover, og han har kombinert den panjabiske kvardagslege bhangraen med rapmusikk og house, så vel som meir tradisjonell musisering i hindifilmar. Singh reknar Nusrat Fateh Ali Khan som éin av mentorane sine.
Singh og bandet hans, Golden Star, har turnert i 27 land.
Innhaldsliste |
[endre] Prisar og anerkjenning
- Oppført i 2000-utgåva av Guinness Book of World Records som den aller mest seljande bhangraartisten nokonsinne.
- I 1997 fekk han Recognition frå byen Los Angeles for arbeidet sitt for det indiske samfunnet der.
- I 2001 fekk Singh den 27. Convocation Gold Medal Award Doctorate frå Guru Nanak University.
[endre] Diskografi
- 1986 – Nach Gidde Vich
- 1987 – I Love Golden Star
- 1988 – Put Sadaren De
- 1988 – Chott Nigary Lawo
- 1988 – Up Front
- 1989 – Fast Forward
- 1989 – Hai Shava
- 1990 – Dhotakada Bai Dhotakada
- 1991 – Ragga Muffin Mix
- 1991 – Gal Sun Ja
- 1992 – Tere Ishq Nachiyanv
- 1992 – Singho Ho Jo Kathe
- 1993 – Chak De Dholia
- 1994 – Midas Touch
- 1995 – Forever Gold
- 1997 – Akh Larr Gayee
- 1999 – Malkit Millennium Mixes “Kini Sohni”
- 2000 – Nach Nach
- 2000 – Kudi Patole Wargi
- 2000? – Murh Watna Nu Jana
- 2001 – Paaro
- 2001 – Mighty Boliyan
- 2003 – Midas Touch II
- 2005 – 21st Chapter Nachna Aaj Nachna