Majorstua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Majorstua eller Majorstuen er eit område på vestkanten i Oslo. Namnet kjem av ei skjenkestove frå slutten av 1800-talet, som lå på ei løkke under garden nedre Blindern. Soga seier det hadde budd ein major i stova. Dette kan kanskje ha vore major Michael Wilhelm Sundt som eide løkka ei tid.
Majorstua var opphaveleg endestasjon for Holmenkollbanen og er fortsatt eit trafikk-knutepunkt med Ring 2, t-bane, sporvogn og buss. Kirkeveien går over Majorstukrysset, han var grensa mellom Oslo og Aker herad fram til 1947. På Majorstua ligg Politihøgskolen, Sporveismuseet Vognhall 5 og kulturhuset til oslostudentane; Chateau Neuf. Fram til 1970-åra blei det forretta russisk-ortodoks messe i krypten på Majorstua kyrkje.
Majorstua er eit handle- og utelivssentrum for Oslo vest. Mot sentrum og Frogner er det betre leigekasernar frå 1890-åra, rundt Majorstukrysset finn ein nokre fine funkis-bygnader og opp mot Marienlyst lamell-blokkar frå slutten av 1930-åra.
Etter bydelsreformen 1. januar 2004 blei den administrative eininga Majorstuen-Uranienborg slege saman med bydel Frogner. Det lokale fotballaget er Frigg.
Korleis ein uttalar dette namnet er saman med ordparet sne/snø eit av dei sterkaste merka i Oslo på kva for språkpolitisk haldning ein har.
[endre] Kjelde
- Oslo byleksikon. Oslo 2000. ISBN 82-573-0815-3
- Hellige Nikolai menighets historie