See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Mýkonos - Wikipedia

Mýkonos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mýkonos
Lokalt namn: Mύκονος
Hovudbyen på Mykonos
Hovudbyen på Mykonos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°27′N 25°20′EKoordinatar: 37°27′N 25°20′E
Øygruppe Kykladane
Areal 86 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Sør-Egearhavet
Kykladane
Demografi
Folketal 6 200 (2002)
Folketettleik 108 /km²

Mykonos, óg kalla Myconos, (gresk: Mύκονος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ein av dei store turistdestinasjonane i Egearhavet og er kjend for det yrande nattelivet. Øya ligg mellom Tinos, Siros, Paros og Naxos. Ho har eit areal på 86 km² og er 364 meter på det høgaste.

Øya består hovudsakleg av granitt. Ho har lite naturleg ferskvatn og er avhengig av avsalting av sjøvatn for å dekke behovet. Det bur like over 6 000 innbyggjarar på Mykonos, og den største tettstaden heiter óg Mykonos, men vert stundom kalla Khora (som tyder «byen» på gresk). Mykonos by ligg på vestkysten. Ein meiner at øya er kalla opp etter ein lokal helt, som vert rekna som eit av borneborna til guden Apollo og som vart dyrka lokalt i antikken.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Arkeologiske funn viser at jonarane slo seg ned på Mykonos tidleg på 1000-talet fvt., men nyare funn har vist spor etter ei steinalderstamme tilbake til år 3000 fvt.

I gresk mytologi var Mykonos åstad for eit slag mellom Zevs og Gigantane, og øya vart kalla opp til ære for Apollo sitt borneborn Mykons. Sidan Mykonos ligg nær den då tett folkesette øya Delos, som ligg om lag 2 km unna, vart ho ei viktig forsyningsøy og feriestad for innbyggjarane på Delos.

[endre] Mykonos i dag

Mykonos har dei siste femti åra vorte eit internasjonalt særs populært reisemål for jet set-folk. Ho er kjend for sitt yrande natteliv og det store talet på barar og nattklubbar. Mange greske og internasjonale kjendisar har sommarhus på Mykonos. Denne populariteten har ført til at boligmarket har auka kraftig dei siste åra og det er bygd mange nye private hus, villaer og hotell. Dette har gjort fleire urolege for at øya gradvis kjem til å miste sitt særpreg. For å motverke dette må alle nye bygningar følgje den kykladiske arkitekturstilen.

Mykonos har skular, bankar, kyrkjer, eit postkontor og plassar (plateies). Ho har óg to hamner, ei «gamal» og ei «ny».

[endre] Landsbyar

  • Agios Stefanos
  • Ano Mera
  • Ftelia
  • Kalafatis
  • Marathi
  • Mykonos eller Khora
  • Ornos
  • Platy Gialo
  • Psarou

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Mýkonos

[endre] Kjelde


Kykladane

Amorgos • Anafi • Andros • Antiparos • Delos • Ios • Kea • Kimolos • Kythnos • Milos • Mykonos • Naxos • Paros • Folegandros • Santorini • Serifos • Sifnos • Sikinos • Syros • Tinos


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -