Lysaker
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysaker er ein stad på grensa mellom kommunane Bærum i Akershus og Oslo. Kommunegrensa følgjer Lysakerelva, ho munnar ut i Lysakerfjorden ved Lysaker. Lysaker er ein del av tettstaden Oslo og sterkt prega av moderne kontorbyggnader. Navnet kjem av norrønt Ljósakr, lys eng.
Lysaker er eit trafikknutepunkt. Ingen andre stader i Noreg passerar det fleire bilar i døgn enn på Europaveg 18 ved Lysaker. Statens vegvesen har rekna ut at det i perioden 2005–2010 vil være i gjennomsnitt 170 000 passeringar kvart døgn.
Lysaker stasjon ligg på Drammensbanen. Flytoget stogger på Lysaker, og det er òg eit bussknutepunkt og passasjerferge til Nesodden her.
Fritjof Nansens hus "Polhøgda" ligg på Lysaker. Det huser no Fritjof Nansens institutt.
Lysaker har gjeve namn til den uformelle gruppa Lysakerkretsen; kunstnarar og vitskapsmenn som levde i området rundt 1900.
[endre] Kjelde
- Store Norske Leksikon