See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Leopold II av Belgia - Wikipedia

Leopold II av Belgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leopold II
fil:LeopoldIIBelgien.jpg
Konge 10. desember 186517. desember 1909
Føregjengar Leopold I
Etterfylgjar Albert I
Fødd 9. april 1835
Død 17. desember 1909 i Brussel
Gift med Marie Henriette av Austerrike
Barn
  • Louise-Marie(1858-1924)
    Léopold Ferdinand(1859-1869)
    Stéphanie Clotilde(1864-1945)
    Clémentine Albertine(1872-1955)
 

Leopold II av Belgia (fødd 9. april 1835, død 17. desember 1909) etterfylgde faren Leopold I som konge i Belgia i 1865. Han tilhøyrde det tyske fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha, som òg var nært knytta til den engelske trona. Han er best kjend utanfor Belgia for å ha oppretta og eigd Fristaten Kongo, der han tente store pengar på elfenbein og gummi; dei grusomme metodane som vart brukte for å få tak i desse varene kosta mellom 5 og 21 (mest sannsynleg omkring 10) millionar afrikanarar - halve folkesetnaden i landet - livet. Han igangsette òg masseavkutting av hender, føter osb. på slavar som ikkje produserte nok av varene belgiarane hadde pålagt dei å levere.

Samtidig som kappløpet om Afrika føregjekk var Leopold svært interessert i koloniar, han såg på dei som ein måte å auke storheita til landet sitt på. Etter fleire mislukka forsøk på kolonialisering både i Afrika og Asia etablerte han eit privat selskap, kamuflert som eit filantropisk og vitskapleg selskap. Han tilsette den skruppelause oppdagaren Henry Morton Stanley for å etablere ein koloni i Kongoområdet. Stanley fekk gjort beslag på eit større landområde (dagens Kongo) som det lukkast, etter mykje diplomatisk manøvrering før og under Berlinkonferansen, å få anarkjent som Leopold sin private eigedom under namnet Fristaten Kongo.

Den belgiske kongen innførte eit uvanleg brutalt styre i dei områda han okkuperte og dreiv rovdrift både på materielle og menneskelege ressursar. Skipslastar med våpen og ammunisjon forlet Belgiske hamner og dei same skipa returnerte lasta med tropisk trevirke, rågummi, skinn, osb. Det belgiske foket hadde i starten synt liten interresse for Kongo, men kongen sytte for at adelen og kjøpmenn fekk sin del av utbyttet, slik at interressen for å ta del i utbyttinga auka.

Nyheiter spreidde seg ikkje så fort på denne tida og det gjekk lang tid før det vart kjendt kva som føregjekk i Kongo. Ei medverkande orsak til dette kan ha vore at andre eutopiske statar heller ikkje oppførte seg som englar i dei landa dei okkuperte i Afrika og at dei ikkje såg seg tente med alt for mykje omtale. Den engelske journalisten Edmund Dene Morel var ein av dei fyrste som tok til å informera verda om dei brutale overgrepa som den belgiske kongen gjorde seg skuld i. Desse skuldingane gjekk ut på at innbyggarane i Kongo var heldt som slavar og tvinga til å arbeida for okkupasjonsmakta. Etter kvart fekk han støtte av fleire vitne, som fortalte om bruk av grov tortur, som avkapping av hender, stokkeslag, utsvelting, osb. og det vart stifta ei protestrørsle i England [1]. Det var fyrst og fremst i samband med gummiutvinninga at desse overgrepa tok plass. Stoda var verst på 1890-talet.

Den belgiske kongen og den belgiske adelen, som òg tente enorme summar på gummiutvinninga, freista i det lengste å skjula som gjekk føre seg i Kongo, men etter kvart førte rapportar om gjentekne overgrep mot lokalfolkesetnaden til ei internasjonal protestrørsle mot Fristaten Kongo, og i 1908 kravde den belgiske regjeringa at kongen avsto landområdet til Belgia. Staten vart etter dette kjend som Belgisk Kongo.

Leopold II sitt ettermæle er eit svært følsamt emne i dagens Belgia og då boka til Adam Hochschild kom ut førte det til eit oppheita diskusjon mellom dei som ynskjer å dølga dette kapitlet i landet si historie og dei som meiner at Belgia bør vedkjenna seg det som hende og ta eit oppgjer med historia, på same måte som Tyskland gjorde etter 2. verdskrig.

[endre] Eksterne lenkjer

[endre] Referansar

  1. Adam Hochschild,King Leopold’s Ghost: A Story of Greed, Terror, and Heroism in Colonial Africa, Mariner Books, 1998.

Mal:FOLDOC

Føregjengar:
 Leopold I 
Konge av Belgia
Etterfylgjar:
 Albert I 


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -