See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Lengdeløp på skeiser - Wikipedia

Lengdeløp på skeiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lengdeløp på skeiser er ei individuell idrettsgrein der menneske konkurrerer om å være raskast til å springe ein særskild distanse på skeiser over ein isflate.

På norsk blir lengdeløp ofte nytta for løp på ein oval bane der løparane startar par for par og blir rangerte etter lågaste tid etter at alle løparane har gått i mål. Ein løpar startar i ytre bane og ein i indre bane, og løparane byttar bane for kvar runde på vekslingssida. Andre formar for lengdeløp på skeiser er maratonløp (der alle løparane startar samtidig, fellesstart) og kortbaneløp (også med fellesstart, men her går ein i fleire heat og dei dårlegaste løparane blir slått ut etter kvart).

Lengdeløp har vore ei olympisk idrettsgrein sidan vinter-OL byrja i 1924, og det finst bevis om organiserte konkurransar i lengdeløp på oval bane sidan 1863, på Frognerkilen. Noreg har vore en ledande nasjon i lengdeløp sidan, men sporten blir óg driven i mange andre land; åtte forskjellige land delte dei 36 medaljane som vart delt ut under vinter-OL i 2006.

Innhaldsliste

[endre] Konkurranseformar

Dei tre viktigaste konkurranseformane i lengdeløp er:

  • Enkeltdistanse: løparane går eitt løp, og vinnaren er den som har gått distansen på kortast tid. Denne konkurranseforma blir nytta i OL, VM enkeltdistansar og i individuelle verdscuprenn. Internasjonale renn kan vera over 100, 500, 1 000, 1 500, 3 000, 5 000 eller 10 000 meter[1] .
  • Allround: Løparane går fire løp over forskjellege distansar i ei tevling som går over to eller tre dagar. Løparane blir så rangerte etter summen av tidspoeng på dei fire distansane, som ein reknar ut ved å ta tida til løparen på ein distanse og rekne ho om til kor lang tid denne brukte i gjennomsnitt på kver 500-meter han gjekk i løpet. Til dømes blir ei tid på 2.09,6 (to minutt og 9,6 sekund) på 1500 meter rekna om til 43,200 poeng (129,6 sekund delt på tre, sidan det er tre 500-meterar i ein 1500-meter). I seniorkonkurransar for menn går løparane 500, 1500, 5000 og 10 000 meter; juniorkonkurransar og konkurransar for kvinner har kortare distansar. Allround blir nytta i EM og VM allround, som har vore arrangert sidan 1889 (medan VM enkeltdistanser vart arrangert fyrste gong i 1996).
  • Sprint: Sprintkonkurransar nyttar også tidspoeng, men her går løparane 500 og 1000 meter to gonger før ein vinnar vert kåra. Det finst eit eige sprint-VM i tillegg til dei nasjonale meisterskapa i sprint.

Til VM enkeltdistansar i 2005 kom også ei lagøving med, lagtempo, der tre utøvarar på eit lag går åtte runder i indre bane. Ein tek tida på tredjemann i mål, og laget med den lågaste tida vinn rennet. Lagtempo var óg olympisk øving i 2006, men då vart øvelsen arrangert som cup; det dårlegaste laget i kvert par vart slått ut, og laga starta på kver sin side av ovalen slik at dei ikkje skulle forstyrre kvarandre.

[endre] Bane

Ei standardbane for lengdeløp har to parallelle langsider og to svingar, og skal vera mellom 333 1/3 og 400 meter lang[2]. Ho skal vere delt i to, indre bane og ytre bane, og løparane bytter bane midt på kver runde slik at dei går like langt. Svingane i indre bane skal ha ein radius på mellom 25 og 26 meter, og kver bane skal vere mellom 4 og 5 meter brei.

[endre] Lengdeløpssportens historie

Moderne lengdeløp for menn har vore arrangert sidan 1863[3], og eit av dei første store internasjonale konkurransene i Noreg var eit seksmannsstemne på Frognerkilen i 1885. Avisapportane etter løpet nemnte ingen andre enn nederlenderen Renke van der Zee og nordmannen Axel Paulsen, som gikk i første par foran nesten 30 000 tilskuere. Paulsen vann løpet over 3 engelske mil (4 827 meter) med over eitt minutt, . I 1880-åra var Paulsen óg med på stemner i Austerrike, Nederland, Tyskland og USA[4].

I 1889 vart det første uoffisielle verdsmeisterskapet arrangert[5]. Meisterskapet vart organisert av Amsterdamsche Sportclub, sidan det ikkje fanst noko internasjonalt skeiseforbund enno, og gjekk over tre distansar: en halv engelsk mil (altså omlag 800 meter), en engelsk mil og to engelske mil. Løparane gjekk først eit kvalifiseringsløp, og dei fire med lågast tid gjekk vidare til finaleløpet seinare på dagen. Ingen norske løparar deltok, men russaren Aleksandr Pansjin vann dei første to distansane og lå an til å bli den første verdsmeister før 2-milsløpet på stevnets siste dag. Pansjin vann kvalifiseringa, men amerikanaren Joe Donoghue slo ham med sju sekunder i finaleløpet, og vann på ny verdsrekord: 6.24,0[6]. Dei neste to åra var det også uoffisielle mesterskap i Nederland: nordmannen Adolf Norseng vann to av fire distanser i 1890[7], og i 1891 kom Donoghue tilbake og vann alle fire distansar overlegent; hans minste sigersmargin var fire sekund på halvmila[8].

Månge av skeisesportens tidlege utøvarar veksla mellom å være amatørar og profesjonelle. Donoghue vart profesjonell etter VM-tittelen i 1891, medan Axel Paulsen deltok i proffløp så tidleg som i 1886[9]. Dette skapte konfliktar; de offisielle skeisestemnene i Europa, som vart arrangert av det internasjonale skeiseforbundet (Internationale Eislauf Vereinigung, seinare omdøypt til International Skating Union, skipa i 1892), hadde strenge amatørbegrensingar. Blant anna freista leiarar frå Hamar IF å få verdsmeistaren frå 1893, Jaap Eden, erklært profesjonell[10] før verdsmeisterskapet på Hamar i 1895, sidan han hadde blitt nekta start i eit sykkelritt i England tidlegare. Det internasjonale skeiseforbundet avslo protesten, og Eden vann tre distanser og vart verdsmeister for andre gong, trass i at Oskar Fredriksen slo ham på 500 meter. No hadde verdsmeisterskapene fått de tradisjonelle distansane 500, 1 500, 5 000 og 10 000 meter, og skeiseløparane kunne óg gå europameisterskap. Det første europameisterskap vart arrangert i Hamburg i 1891[11], men der var det ingen klar vinnar, og østerrikaren Franz Schilling vart derfor den første europameister då han vann stemnet i Wien i 1892 (med tre austerrikarar og ein polakk på startstreken)[12]. Schilling var óg med i det første ISU-arrangerte EM i 1893, men vart då nummer 11 og 5 på dei to distansane han gjekk. Svensken Rudolf Ericson vann dei tre kortaste distansane og vart den første offisielle europameister[13].

Eden, som vart den første til å vinne tre verdsmeisterskap, vart seinare profesjonell sykkelryttar - han var óg blitt verdsmeister på sykkel to gonger. Sykling og skeiser har vore nærliggande idrettar sidan, og seks nordmenn har vunne Egebergs ærespris for kombinasjonen skeiser og sykling.

I 1897 vart verdsmeisterskapet for første gong arrangert på nordamerikansk jord, etter at Canada var blitt medlem av ISU i 1894[3]. Jack McCulloch frå Winnipeg, ein annan som óg holdt på med sykling i tillegg til lengdeløp, vann meisterskapet - nordmannen Alfred Næss heldt på å ødeleggje då han delte sigeren på 1 500 meter med McCulloch, men i omløp vann canadieren med fire tidels sekund og sikra sin andre distansesiger. Seinare på dagen vann han 10 000 meter med 40 sekund[14]. Etter dette vann Peder Østlund frå Trondhjem dei to siste verdsmeisterskapa i det 19. århundre, og vann óg EM i 1900 før han måtte trekke seg fra VM 1900, som Edvard Engelsaas vann (og som berre hadde norske deltakarar).

I 1908 innførde ISU eit rangeringssystem for EM og VM, etter at fire av seks VM og to av seks EM mellom 1902 og 1907 hadde endt uavgjort. No trengde ein løpar ikkje lenger å vinne tre distanser for å vinne eit meisterskap (men vann ein løpar tre distanser vart han fortsatt meister). I sin oppsummering av skeisehistoria i boka Skøytesportens stjerner beskrev Knut Bjørnsen og Per Jorsett desse reglane som "stivbeinte og gammeldagse" og tykte det var "ille" at Rudolf Gundersen ikkje nokon gang vann VM sammanlagt, sjøl om han vann i alt seks distansesigre på fem verdsmeisterskap. Den første meister uten å ha vunne tre distansesigre var Oscar Mathisen, som vann sitt første av tre europameisterskap i Budapest i 1909.

Mathisen fortsatte sin amatørkarriere heilt fram til den 1. verdskrigen. Han vann åtte av dei 14 internasjonale meisterskapa som vart arrangert mellom 1908 og 1914, utan å konkurrera på skeiser i 1911, og var mellom dei tre beste totalt 11 gonger. Han fikk hard kamp av russarane Nikolai Strunnikov (som vant både EM og VM i 1910 og 1911), og Vassilij Ippolitov (europameister 1913, ellers tre meisterskapssølv bak Mathisen), men ingen av dei fikk ein like lang karriere som Mathisen.

Mathisen vart profesjonell i USA etter 1916-sesongen (som gikk uten internasjonal konkurranse grunna verdskrigen), og han fikk med seg amerikanaren Bobby McLean til Noreg i 1920 til det som her vart kalla eit profesjonelt verdsmeisterskap. Mathisen hadde tapt for McLean i USA, men vann tre av fire distansar i meisterskapet på heimebane, mellom anna med tida 43,3 på 500 meter, eit tidel betre enn hans eigen amatørverdsrekord frå Davos i 1914.

[endre] Kjelder

  1. ISU Special Regulations for Speed Skating and Short track speed skating, frå ISUs heimeside isu.org, side 8
  2. ISU Special Regulations for Speed Skating and Short track speed skating, side 12
  3. 3,0 3,1 ISU History, frå ISUs heimeside
  4. Axel Paulsen, fra DESG.de, det tyske skøyteforbundets heimeside
  5. World Championships, Men frå skateresults.com
  6. Joe Donoghue, frå skateresults.com
  7. Resultater VM 1890, frå desg.de
  8. Resultater VM 1891, frå desg.de
  9. Meisterschaftspreis von Deutschland für Profis, frå desg.de
  10. Skøyteboka 1981-82 s.123, utgitt av Norges Skøyteforbund
  11. Unofficial European Championships 1891, frå skateresults.com
  12. Unofficial European Championships 1892, frå skateresults.com
  13. European Championships 1892, frå skateresults.com
  14. VM 1897, frå skateresults.com

[endre] Bokkjelder

  • Skøytesportens stjerner av Knut Bjørnsen og Per Jorsett, J. W. Cappelens Forlag A/S 1971


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -