Lars Jacobsen Hætta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Jacobsen Hætta (1834-1896) var norsk reindriftssame frå Kautokeino. Han deltok i Kautokeino-opprøret i 1852.
I februar 1852 vart han dømd til 5 dagars fengsel på vatn og brød då han i lag med 21 andre samar vart dømd for å ha forhindra gudstenesta i Skjervøy kyrkje 6. og 7. juni 1851.
I 1852 slutta han seg til ein storsiida i lag med søsknene sine. Siidaen var dominert av ei ytterliggåande religiøs gruppering. Han deltok då folket frå siidaen 8. november 1852 under leiing av bror hans, Aslak Jacobsen Hætta, gjekk til angrep på huset til brennvinshandlaren i Kautokeino og drap både denne og lensmannen.
14. februar 1854 vart Lars Hætta i høgsterett, likt fire andre opprørarar, dømd til døden for si deltaking i opprøret. Straffa vart seinare omgjort til livsvarig straffarbeid på grunn av den unge alderen hans. I fengselet kom han i kontakt med professor Jens Andreas Friis som i Lars Hætta fann ein svært verdifull medarbeidar i arbeidet med å omsetje religiøse skrift til samisk. Friis engasjerte seg etterkvart for å få han frigitt. Las Hætta fekk nåde og slapp ut etter 13 år, i 1867. Etter fengselstraffa vart han tilsett som lærar i Kautokeino. Sidan vart han òg kyrkjetolk.
Han fekk æresoppreising i 1884 «for senere fortjenester». Lars Jacobsen Hætta var sentral i arbeidet med omsetjinga av Bibelen til nordsamisk i lag med J.A. Friis, eit arbeid som tok til då han satt i fengsel på Akershus, men som heldt fram etter at han slapp ut av fengselet. Den samiske Bibelen kom ut i 1895, og er framleis den einaste komplette bibelutgåva på samisk.