Brukardiskusjon:Larsivi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
||
|
||
|
||
|
Innhaldsliste |
[endre] Velkommen!
Velkommen til Nynorsk Wikipedia, Larsivi! Fint at du har teke til med forbetring av Herøy-artikkelen! Om du har tid og/eller lyst er du svært velkommen til å gjera liknande arbeid med andre sunnmørskommunar òg! Og alt muleg anna du måtte vera interessert i, sjølvsagt... :-) -- Olve 24. feb 2005 kl. 2102 (UTC)
Velkommen frå meg òg! Kjekt at me blir mange. -- Ranveig 25. feb 2005 kl. 0031 (UTC)
- Takk, takk. Vi får sjå kva eg får tid til. Eg veit definitivt mest om Herøy :) Larsivi 25. feb 2005 kl. 0912 (UTC)
- Ja, alt du veit om Herøy som er verd å ha med i leksikon er sjølvsagt velkomme her — frå gards- og skulehistorie til industri og musikkliv... :) Lokale tradisjonar, sagn, bruk av nytteplantar, fiskeriteknikk, idrettshistorie, klimadata og alt slikt noko er òg nyttig! Om du skriv om lokale gardar eller bygder lyt du berre hugse å gjeva eit eintydig namn — slik som Leikong i Herøy i Møre og Romsdal e.l. -- Olve 25. feb 2005 kl. 0852 (UTC)
- Så lenge det er fleire stader med Leikong som namn, vel og merka:-) --Guttorm 25. feb 2005 kl. 0908 (UTC)
- Nja... Det er vel ein god idé å kvalifisere gards- og grendenamn...? Det er ikkje så greitt å vita om eit såpass lokalt namn er einaste i sitt slag utan å gå gjennom både Olav Rygh og det som verre er... :) -- Olve 25. feb 2005 kl. 0928 (UTC)
- Eg ser du har planlagd eit langtidsprosjekt for meg :) Larsivi 25. feb 2005 kl. 0950 (UTC)
- Nja... Det er vel ein god idé å kvalifisere gards- og grendenamn...? Det er ikkje så greitt å vita om eit såpass lokalt namn er einaste i sitt slag utan å gå gjennom både Olav Rygh og det som verre er... :) -- Olve 25. feb 2005 kl. 0928 (UTC)
- Så lenge det er fleire stader med Leikong som namn, vel og merka:-) --Guttorm 25. feb 2005 kl. 0908 (UTC)
Velkommen frå meg og, ser ut til at du enten er litt erfaren frå Wikiverda eller at du har lest deg inn (jamfør kjennskap til commons), uansett er det kanskje eit nyttig tips for deg at du kan signera innlegg ved å skriva ~~~~. --Guttorm 25. feb 2005 kl. 0908 (UTC)
- Hmm, god idé :) Elles takk! Larsivi 25. feb 2005 kl. 0912 (UTC)
Velkommen til Nynorsk Wikipedia, Lars! Særs hyggeleg. Bjarte 2. mar 2005 kl. 0854 (UTC)
[endre] Språkformer o.a.
Hei, Ser at du endra «kjører» til «køyrer» i Linux-artikkelen. Det kan du sjølvsagt gjerne gjera om du vil (og det er særleg lurt i fall der ordet finst i inkonsekvente former). Men køyre/kjøre er elles jamstilte former på nynorsk. [1] Elles er det fint å sjå at du står på med søre luten... :-) Om du har tid og inspirasjon for slikt noko, så hadde det vore fint om nokon kunne laga kommunekategoriar for alle sunnmørskommunane, med kategori Kategori:Sunnmøre og Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal for alle av dei. -- Olve 14. mar 2005 kl. 1210 (UTC)
- Takk for påminninga om at "mine" nynorske ord ikkje er dei einaste rette :) Eg trur også at eg er ferdig med Sunnmørskategoriseringa. Det står no att ein del infoboksar i tillegg til tekst i mange kommunar. -- Larsivi 15. mar 2005 kl. 0703 (UTC)
-
- Fint jobba! :-) -- Olve 15. mar 2005 kl. 0753 (UTC)
[endre] om kommuneinfoboksar
Hei Lars Ivar! Flott å sjå at du arbeider på kommunane! Det er mykje arbeid å gjera her :) Kanskje du kan skriva deg opp som eit av medlemmene på Wikipedia:Wikiprosjekt Norske fylke og kommunar? Det inneber ikkje meir arbeid, berre at folk veit at du er ein av dei som inniblant liker å redigera desse artiklane. På diskusjonssida til nemnde wikiprosjektsside finn du mykje nyttig informasjon og lenker. Blant anna finn du ein oppdatering om korleis ein bør bruka infoboksane. Infoboks_kommune kan bli brukt i dei fleste tilfelle, utanom når namnet på artikkelen ikkje følger namngjevnadsmønsteret til kommunevåpenfilene på Commons og/eller kartfilene. Då kan ein bruka infoboks_kommune2 for i tillegg å spesifisera desse. Det er dermed ikkje nødvendig å byta frå den gamle infoboks_kommune som dei fleste kommunane har til den nye. Sjå ein meir utførleg forklaring på prosjektssidene :)
Dersom du kjem på noko me bør gjera når det gjeld kommunane, skriv det på prosjektsdiskusjonssida!
Velkommen til kommunearbeid! Arbeider du i kommunen (Midtre Gauldal), òg, forresten? Eg orsakar krøllet med faktainformasjon i infoboksen til Midtre Gauldal! Eg veit ikkje heilt kva som skjedde der! :) Bjarte 15. mar 2005 kl. 0827 (UTC)
- Huff da, nå ser eg korfor du byta til infoboks_kommune2 på Flora, fordi artikkelen heiter Flora kommune i staden for Flora! Orsakar så mykje :) Bjarte 15. mar 2005 kl. 0828 (UTC)
-
- Heilt greitt :) Brukte eit par minutt på å sjå feilen sjølv. Og ja, eg jobbar i kommunen Midtre Gauldal, ikkje berre geografisk. -- Larsivi 15. mar 2005 kl. 0834 (UTC)
[endre] Alfabetisk på etternamn
Hei. Takk for at du ordna dette når det gjeld Victor Serge. Men det er fleire, skjønner du. Derfor: Korleis gjer du det? --Erling 16. mar 2005 kl. 1320 (UTC)
[endre] Svar på bemerking om kommunekartet for Stordal
Hei. Eg såg at du hadde lagt til ei kommentar på diskusjonssida mi på commons. Eg har nok sleiva litt på kartmamnet der, men det er fiksa no. Enda ein brukar frå busatt i Trondheim, det er bra. Vi må fiksa eit uformelt møte over påske med alle aktive bidragytarar busatt i byen. --Einar Faanes 20. mar 2005 kl. 0004 (UTC)
- Ja, no vart kartet bra :) Det hadde sikkert vore kjekt med eit slikt møte, men eg har ein tendens til å ikkje ha så mykje tid til overs. Om eit tidspunkt skulle verte presentert, så skal eg no likevel vurdere det :)
[endre] Ikkje rett klammeformer
Det er fullstendig lovleg å skrive «noen» på nynorsk. Endra tilbake Gåte. Ver snill å la det stå. Det same blei sagt da du endra Mercalliskalaen, som au er endra tilbake. --KRISTAGAα-ω 7. apr 2005 kl. 1327 (UTC)
- Må berre beklage. Kan forresten ikkje hugse å ha fått med meg det om "noen", men tenkte litt på det utan å faktisk sjekke ordboka. Det eg tenkte, var at dersom det var "lovleg", så virka forma for meg inkonsistent med resten av artikkelen. Beklagar ein gong til. -- Larsivi 7. apr 2005 kl. 2023 (UTC)
-
- Ja, noen/noe er absolutt lovleg på nynorsk. Derimot kan «form» berre vera hokjønn med -er-fleirtal (ei form, forma, fleire former, alle formene). ;-) Pedantisk helsing, Olve 7. apr 2005 kl. 2032 (UTC)
[endre] Hallo. Rundebrua
Er dette riktig? Har litt trøbbel med å bli vant med mediawiki. Heilt ny. Det med Rundebrua er eg litt usikker på. Einaste eg veit er at eg vart født den dagen den vart opna. Men er usikker på om det er offisiell eller vanlig opning. Skal ringe ei sikker kjelde og finne ut sikkert. Ellers var det ein fantastisk blunder av meg å blande inn ting frå Herøybrua. Huska det etter nokre få minutt. Har bakgrunn frå Herøy ja. Bur i Oslo no.
[endre] Beklagar
Beklagar, eg burde ha vore meir kritisk,med hensyn til NPOV i f.eks. Lasse og Geir Eirik 4. mai 2005 kl. 1325 (UTC)
- Det er greit, ja. Det var no ikkje sånn meint. :) -- Larsivi 4. mai 2005 kl. 2004 (UTC)
[endre] Herøy i Møre og Romsdal eller Herøy på Sunnmøre
Eg lurer litt på namnet «Herøy i Møre og Romsdal». Det er forferdeleg langt og tungt å skrive... Kva synest du om å endre namnet til «Herøy på Sunnmøre»? Dette er ei redusering frå fem til tre ord, frå tre til to store bokstavar og frå 23 til 17 tastetrykk (inkl. mellomrom). Namnet er like elles like eintydig, trur eg. -- Olve 28. mai 2005 kl. 2205 (UTC)
- Eg er forsåvidt einig i poenget ditt, men misser det ikkje litt symmetri ovanfor til dømes Herøy i Nordland? -- Larsivi 29. mai 2005 kl. 0705 (UTC)
-
- Mnja... Var det berre opp til meg, så skulle no den artikkelen gjerne stått på Herøy på Helgeland... :) Og for den saks skuld så er no Bø i Vesterålen (9660 googletreff) mykje meir bruka enn Bø i Nordland (3470 googletreff). Olve 29. mai 2005 kl. 1747 (UTC)
-
-
- For ikkje å snakke om Bø i Herøy på Sunnmøre ;) Vel, dersom ingen andre har meiningar om emnet, så kjem eg til å endre til Herøy på Sunnmøre innan eg skriv fleire artiklar i kategorien. -- Larsivi 29. mai 2005 kl. 1802 (UTC)
-
[endre] Mošovce
Hey. I'm sorry, I don't really speak Norwegian, I just understand a little, so this will be in English. Maybe I need to explain. I know that the village of Mošovce seems insignificant, which might essencially be true, but in the last (in mean the 19th :-)) century it really was the center of the entire region -- therefore I think it might be worth mentioning. As for the monuments mentioned in the article, the town was a seat of noblemen and so has approx. 5 buildings from the 18th century, which for a town of 1300 isn't that bad. That's why I wrote about 'many monuments' (maybe I could have used a different word, e.g. 'quite many' or 'several' ?). There were also 5 quite important personalities born here (kids at high schools learn about 3 or 4 of them). You can see the full version of the article on the english Wikipedia. I didn't quite get the part about religion, but the truth is that there are two churches, one catholic and one protestant. The chapel is just a museum and is actually a tomb, so no church there :-). The article surely isn't meant as an advertisement. Honestly, I cannot see anyone from Norway driving down to have a look at a couple of 18th century buildings, when you have a lot of even much older architecture in Norway :-). The thing is that I live in the town, and since I speak a souple of languages, and know people, who speak more, these articles are just my way of contributing to the community (call it localpatriotism or the sense of self-realisation if you will :-)). In my free time I also wrote the brochure, which was linked to this page. Could we maybe put the brochure-link back, but instead of the word document, change the address to http://www.mosovce.sk/spr.htm (from there you can download the brochure in english, which contains more info about the town - although the brochure, I admit, is drafted as a tourist guide)? They even allowed it on German Wikipedia (and those guys are pretty strict :-)... About the pictures, is it OK to put them back or is it better to keep the link to the commons? Sorry for this being so long, but I tend to write a lot ;-) Could you pls. reply here, because I log in from different OP addresses :-( ? Thanks and take care, Peter (SKia) 213.215.86.78 15:57, 8 august 2006 (UTC)
- Hi Larsivi, thanks for the quick reply :-). Yes, my Norwegian is really only on the level of understanding the things that it has in common with other indoeuropean languages and guessing the rest :-)), so it took me quite a while to just compile this one sentence in (somewhat) Norwegian. But maybe you're right, someone might expand the article from the english wiki version eventually. As for the churches, the village is pretty much split 50:50 between lutheran and catholic (plus atheist, of course :-)). And the coat of arms, I believe it represents the holy trinity, as well as both the sacral and secular power. The flag is derived from the coat of arms, and also incorporates a cross. Thanks for the quick reply and take care :-) Peter.
[endre] Programmeringsspråket D
Ser utifrå bloggen din at du er røynd i Programmeringsspråket D. kunne du tenkt deg å skrive litt om det språket, så får me på same tid utrydda ein raud ein? --Anders 16:04, 17 november 2006 (CET)
- Jau, er vel på tide at eg får gjort det :) -- Larsivi 16:14, 17 november 2006 (CET)
-
- Viste seg at før eg rakk å gjere det eg hadde tenkt, så hadde eg vorte inhabil over eit par av spørsmåla reist rundt D (ref Tango controversy i den engelske artikkelen.), så eg ynskjer ikkje lenger å vere den som skriv denne artikkelen uansett kor mykje eg skulle ønske å ha sett den her. -- Larsivi 09:56, 18 februar 2008 (CET)