Landsberg am Lech
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landsberg am Lech er ein by sørvest i Bayern i Tyskland, omlag 50 kilometer vest for München og 35 kilometer sør for Augsburg. Han er administrasjonsby i distriket Landsberg am Lech og har 27 721 innbyggjarar (2007).
Det var i fengselet i Landsberg am Lech at Adolf Hitler sat fengsla i 1924, og forfatta første halvdelen av Mein Kampf. Fengselscella hans blei ein del av ei nazistisk dyrking, og blei valfartsstad for tilhengjarar under den tyske nazitida.
Det var også her ein av de største leirane for jødiske flyktningar var i funksjon etter andre verdskrigen og fram til hausten 1950.
[endre] Kjende personar frå Landsberg am Lech
- Erwin Neher, nobelprisvinnar
- Dominikus Zimmermann, arkitekt